Ivar Svein Mo i Hjørundfjorden bygdemobilisering er glad for å ha fått med Cecilie Rørstad og Bjørke Grendelag med i bygdemobiliseringa.
Storfjorden-området var tidlegare med i Austefjorden bygdemobilisering. Det arbeidet er avslutta, men grendelaget følte seg ikkje heilt ferdige. Etter at Hjørundfjorden bygdemobilisering har kome i gang, såg Bjørke grendelag ein mogleg samarbeidspartnar.
Førre veke vart søknaden om å få vere med sendt, og tysdag sa Hjørundfjorden bygdemobilisering ja. Då det er landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke som står som ansvarleg for desse prosjekta, må innlemminga av Bjørke godkjennast der.
Det vil både verte fellesprosjekt og særskilde prosjekt for Storfjorden framover. Desse er ikkkje heilt klare enno, og vil verte klarare definerte i søknaden til Møre og Romsdal fylke.
Prosjekt det vart snakka om under styringsgruppa sitt møte tysdag var etablering av bustadklyngjer, serveringsstad på Bjørke, breiband, mulegheitene Kvivsvegen gjev osb.
Ikkje minst vart det lagt vekt på at Storfjorden høyrer heime i Hjørundfjorden, og at det er viktig å samle folket i fjorden gjennom eit slikt prosjekt.
Storfjorden vert med i Hjørundfjorden bygdemobilisering.
Kommentarar
Det har våre 2 Bygdamøter på Sæbø
Det burde ha våre eit på Bjørke også snart.
Eg får engasjere meg å by dei inn til Bjørke en kveld.
Kanskje vi får tak i nokre nye idear også på en slik kveld.
God mat må man ha en slik kveld så klart for
då kjem også den gode praten rundt bordet.
I dette året vi har hatt Bjørke med i HB. har vi vore på Bjørke ved fleire anledningar. Vi har heldt kurs i Hjørundfjordportalen, vi har hatt synfaring på Leira og møte i Bakketunet, vi har hatt omvisning til besøkande ved Bygdemobiliseringstreffet sist haust.Styringsgruppa hadde styremøte på Haukly.I tillegg til dette har arbeidsgruppa for klyngetun hatt fleire møter på Bjørke.
Styringsgruppa har i dag 12 medlemmar og 3 av desse kjem frå Bjørke området. Cecilie Rørstad, Oddhild Saure Bogen og Ida Malen Skjåstad.
Men er det ynskje, skal vi kome innover og halde møte med bygdefolket.
Ivar Svein Mo
Bjørke var med her også.
Kjekt var det å reise på møte i Austefjorden og få god informasjon om kva som var i emning i bygdene.
Vi fekk høyre og diskutere alle dei gode ideane folk hadde.
Eg ville gjerne at dei også skulle ha møte på Bjørke og det fekk eg til.
Eg ringe leiaren i Bygdemoblisering i Austefjorden og baud han til Bjørke.
Han kom og møte blei det men litt dumt var det at dette var det siste møtet og avslutninga på Bygdemobliseringa.
Men eg fekk dei hit til slutt.
Eg får by inn Hjørundfjord Bygdemoblisering på same måten.