Reguleringsplan godkjend for Flatneset

 

Kommunestyret i Ørsta har godkjent reguleringsplanen for Flatneset. Det inneber at Flatnes Maskin får drive massetaket fram til ca. 2030. Planen er etappevis. Det vil seie at utbyggjar pliktar å få områda tilbake til naturen etter kvart.

 

Hyttefeltet på Standaleidet vedteke 

 

Kommunestyret i Ørsta har med stort fleirtal vedteke reguleringsplanen for Standaleidet. Planen inneber at det vert lagt ut over hundre hytter for sal på Standaleidet. Salet har alt byrja.

 

 

Gymsalen er prioritert

 

I Ørsta kommune sitt førebelse framlegg til budsjett og økonomiplan, ligg ny gymnastikksal på Sæbø skule inne. Utfordringa er å byggje ein sal som er framtidsretta. Dåmå salen verte større enn eksisterande, og alle gode hjørundfjordkrefter vil etter kvart verte utfordra om å medverke.

 

Sogelagsboka snart til sals

 

Om ikkje lenge, ligg Hjørundfjord Sogelag sitt årsskift snart ute til sals.  Årets bok tek føre seg m.a. smiene i Hjørundfjorden. hjorundfjord.no tippar boka også i år vert ein bestseljar.

 

Lars Moldvær ny leiar i Hjørundfjord bondelag

 

Lars Moldvær er vald til ny leiar i Hjørundfjord bondelag. Han tek over etter Bjarne Rekkedal. Elles er det verdt å merke seg at styret i bondelaget no har kvinnefleirtal.

 

Vil byggje på Sæbøneset

 

Ørsta kommune har motteke to søknader om folk som vil byggje i det kommunale bustadfeltet på Sæbøneset (ingressbildet). Utfordringa for kommunen er at det ikkje er lagt fram vatn og kloakk til dei tre aktuelle tomtene, og formannskapet må no ta stilling til om dette er ei utbygging Ørsta kommune ynskjer.