Ikkje sidan 1997 har lauvet vore felt så seint som i år. 1997 var også ein draumesommar lik den vi har hatt i år!

Eg trudde far min berre drøymde då han snakka om sommarane før i tida, på 30 talet.

Han sa så ofte då vi hesja i styggeveret på 60 talet, at dette hadde aldri gått i gamle dagar, då vi turka det meste på marka.

Det kunne vere finever i vekesvis, sa han. Og snakka om turkesomrane i 34 og 35.

Sidan 97 har det stort sett vore betre sommarar, enn det var på 70 og 80 talet.

La vi vone på at denne trenden varer ved, trass i dystre spådomar!

Hjørundfjorden er den same.