Ikkje sidan 1997 har lauvet vore felt så seint som i år. 1997 var også ein draumesommar lik den vi har hatt i år!
Eg trudde far min berre drøymde då han snakka om sommarane før i tida, på 30 talet.
Han sa så ofte då vi hesja i styggeveret på 60 talet, at dette hadde aldri gått i gamle dagar, då vi turka det meste på marka.
Det kunne vere finever i vekesvis, sa han. Og snakka om turkesomrane i 34 og 35.
Sidan 97 har det stort sett vore betre sommarar, enn det var på 70 og 80 talet.
La vi vone på at denne trenden varer ved, trass i dystre spådomar!

Skjermbilde (05.11.2006 kl. 14:00)
Ej he også lagt det inn som skjermbilde.Steikje fint bilde du he teke her Knut.
Lasse Sæbønes
Nytt skjermbilete (03.11.2006 kl. 23:45)
Eg har akkurat fått eit nytt skjermbilete på Pc'en. Takk Knut !
Alf Ole Aarseth
Ingressbilete (03.11.2006 kl. 23:27)
Dette bilete er virkeleg eit blinkskudd og viser ein flink fotograff. Dette må vi få tilgong til når vi skal velge bilete til Hjørundfjord brosjyra.
Ivar Svein Mo
Feil.. (03.11.2006 kl. 23:25)
Litt tull med pcen her. Eg meinte sjølvsagt at same skyene er fanga på voldaveiret.no. Kjempefint!
Unn Frøland
Vakkert (03.11.2006 kl. 23:21)
Ingressbiletet er berre avsindig vakkert. Postkortmotiv!
Rune Sæbønes
Voldaveiret hadde faktisk same skyene s&arin (03.11.2006 kl. 23:02)
Unn Frøland
Fantastisk fine bilder, Knut (03.11.2006 kl. 23:01)
:)
Linda Stokke
Endå seinare i Volda (03.11.2006 kl. 22:54)
Var i Volda for eit par dagar sidan, og ho i baksetet kommenterte at det var vinter i Ørsta og haust i Volda. Det måtte eg sei meg samd i for der var lønnen heilt grøn enda
Unn Frøland