Oppsummering frå møte i Hjørundfjorden bygdemobilisering, styringsgruppa, måndag 16.10.06 klokka 2000.

Desse møtte:  Per Atle Røe, Irene Osvoll, Eldrid Øye, Kjell Otto Holen, Rune Sæbønes, Ivar Svein Mo, Linda Stokke og Knut Hustad.

 

Sak 45/06 – Klargjering for grusing av rampa.  Vi har fått ein pris på eit dugnadstilbod frå to entreprenørar, Ronny Aamås for klargjering og grusing av rampa og bygging av kvileplassar og steinbru. Holen Sand og grus as for levering av veggrus og stein. 

 

Vedtak:  Irene Osvoll vil ta kontakt med andre entreprenørar for om mogleg få eit betre tilbod.  Det er viktig at arbeidet vert gjort før vinteren.  Får ikkje Irene eit betre tilbod, får Ronny Aamås og Holen Sand og Grus AS jobben.

 

Sak 46/06 – gjennomgang av saker frå siste møte.

 

Vedtak:  Søknad om breiband til alle i Hjørundfjorden.  HB har i møte drøfta saka, vi arbeider vidare med ho og søker å innvolvere Tussa i løysinga. Målet er å ha breiband til alle grender i Hjørundfjord i 2007.

 

Sak 47/06 – Gjennomgang av økonomi.

 

Vedtak:  Det er viktig at alle  som gjer arbeid, fører timelister.  Timelistene må vere ajourførde seinast 30.11.06.

 

Sak 48/06 – gjennomgang av det som kom fram på ungdomsmøtet den 28. september.

 

Vedtak:  Dei unge yngre ynskjer eit lokale i sentrum i Sæbø – eit lokale der dei kan vere på fritida.  Rune Sæbønes tek kontakt med Ørsta Røde Kors Hjelpekorps med tanke på å få bruke Røde Kors lokala på Sæbø til ungdomslokale.

Elles meiner styringsgruppa at ynskja som ungdommen kom med, må leggast innunder allereie eksisterande grupper.

 

Sak 49/06 – Orientering om bygdemobiliseringsmøtet som Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes deltok på i Ålesund den 30.9.06.

 

Vedtak:  Svært positivt møte.

 

Sak 50/06 – Kommunale tomter på Sæbøneset.  Pris kr. 20.000,-, men tekniske anlegg må betalast i tillegg.

 

Vedtak:  Styringsgruppa skriv eit brev til Ørsta formannskap der ein ber om at kommunen forskotterer  utbygging av tekniske anlegg til tomtene.  Knut Hustad skriv brevet.

 

Sak 51/06 – Søknaden om ein million frå Ørsta kommune.

 

Vedtak:  Brev vert sendt dei ulike politiske partia og Ørsta formannskap der det vert orientert om planen som er under utarbeiding for Sæbø sentrum.

 

Møtet slutt klokka 2330.

Knut Hustad – skrivar.