Hovudaktiviteten dette året var vitjing på Bjelde Gard. Med Hjørundfjorden bygdemobilisering i tankane, fann vi ut at bondalingane kanskje hadde noko å lære hjå Ragnvald Bjelde i Sogndal. Ragnvald og kona hans har gjort om gardsbruket sitt til eit særs populært aktivitetssenter. Blant hovudaktvitetane er landets største fotballgolfbane, ei 9 hols putballbane. Sæbøgjengen var delt inn i 4 lag og det var stor prestisje dei ca to timane det tok å kome gjennom putballbana.
Putball er altså ganske likt golf, berre at ein nyttar fotball i staden for golfball, og føtene i staden for golfkølle. Av veteranane var det Rolf Egil Riise som gjekk sigrande ut som den mest presise. 34 spark brukte han totalt på dei 9 hola, berre 6 bak banerekorden til Sogndal-spelaren Ole Hjelmhaug. Ikkje rart Ragnvald Bjelde vart imponert.

Lag A er klar for putball på hol 1. Frå venstre: Asbjørn Langø, Audun Lyshagen, Arnt Egil Hjellen og Kenneth Nydahl.

Knut Inge Haugen er særs konsentrert med pil og boge. Kanskje kan
vi få oppleve liknande aktivitetar på gardsbruket fram på Rekkedal med tider…?
Rolf Egil Riise (t.v) følgjer spent med.
Ellers på aktivitetsmenyen var det øksekasting og skyting med pil og boge, og til slutt vart seansen avslutta med ølsmaking direkte frå tapperiet til innehavar Ragnvald. Han kunne ellers fortelje at garden hadde vitjing av ca 3000 personar i året på dei forskjellige aktivitetane han kunne tilby, og var eit sikkert prov på at bygdeutvikling og gardsturisme ikkje treng vere noko hokus pokus. Det var i alle fall ein godt nøgd Sæbøgjeng som forlet Bjelde gard etter tre timar med diverse aktivitetar.

Innehavar Ragnvald Bjelde på Bjelde gard let Sæbøvetaranane prøvesmake
gardsbrygget. Løda kunne huse over 250 middagsgjester, og då var det greit å ha lokalt øl å servere.
Internkamp er fast innslag på turen, og vanlegvis er desse kampane tette og jamnspelte. I år var imidlertid det eine laget suverent og gjekk sigrande ut med kalassifra 17-9. Vinnarlaget bestod av Knut Inge Haugen, Audun Lyshagen, Kenneth Nydahl, Henning Nydahl, Sverre Børge Hjorthaug og Kjell-Johan Aarseth.

Lagbilete frå Fosshaugane Campus: Bakerst frå venstre: Øyvind Ose, Kenneth Nydahl, Asbjørn Langø, Arnt Egil Hjellen, Henning Nydahl.
Midten: Alf Ole Aarseth, Svein Jon Holen, Audun Lyshagen, Rolf Egil Riise, Frank Urkegjerde, Sverre Børge Hjorthaug.
Framme: Odd Rune Walseth, Knut Inge Haugen, Vidar Holen, Jens Forbord, Kjell-Johan Aarseth.
Veterangjengen var innkvarterte på Sogndal Hotell, og etter ein laurdag med mykje fysisk aktivitet var det godt for slitne veteranbein å kunne slappe av i symjebassenget eller ein tur i tyrkisk dampbad.
Søndag var det tid for heimreise, og kjenner vi den nyvalde komitéen med Audun Lyshagen i spissen rett, så er nok planleggjinga av neste års tur allereie i gong.
Meir om turen kjem som vanleg i Møre Nytt rundt juletider.
Sjuar-Cup (26.11.2006 kl. 18:10)
Sjuar-fotball passar oss veteranar godt ! Som Asbjørn "Hjørundfjording" Langø seier; mindre løping, samt at plasseringsdugleik og rutine kjem meir til sin rett. Foreslår f.eks 8, 12, eller 16 lag (4 i kvar pulje)der dei 2 beste går vidare til finalespel. Utfordre då fleire lag i regionen (Ørsta/Volda) til å stille veteranlag + ha dameturnering i tillegg.
Alf Ole Aarseth
Cup-prat (26.11.2006 kl. 13:50)
Sjuerlag er egentlig en god ide. Da vil veteranene, som stort sett har en glimrende teknikk og et fremdragende overblikk, kunne kommme godt ut av det. Kondisjon og andre uhumskheter vil da ikke bli så viktig.
Sjuer er framtida (for oss?).
Asbjørn Langø
Sjuarcup (26.11.2006 kl. 00:06)
Er eigentleg litt overraska over at ingen grip ideen om sjuarcup. Eg trur det er framtida. Sæbø IL han anlegg nok til å tole tjue lag på ei helg.
Rune Sæbønes
Meir Sæbø-cup / Jubileumsbok (14.11.2006 kl. 17:43)
Eg må også presisere at deltaking frå veteranlaget i Sæbø-cup ikkje nødvendigvis betyr showprega kamp. Jamvel internkampane på tur vert teke seriøst nok, og dersom veteranlaget føler seg kapable til å stille lag her, trur eg ikkje det vil skorte på hverken motivasjon eller seriøs innstilling. Då går me på bana for å vinne kampar.
Jubileumsbok til 2008 er også ein god ide, her bør det setjast ned ein komite i idrettslaget lokalt for å sjå nærare på konsept og økonomi rundt dette. Iallefall har både broder Kjellis og eg god dokumentasjon vedr A-laget i fotball, gjennom fotballbøkene vi har laga gjennom heile 80 og 90 talet. Har statistikk, bileter og referat frå kampar frå sesongane 1979-1998. Noko av dette kan sikkert nyttast i ei slik jubileumsbok.
Alf Ole Aarseth
Jubileumsåret 2008 (14.11.2006 kl. 09:13)
Støttar forslaget om at 75-års jubileet i 2008 vert markert med ei utvida turnering. Kanskje kan AaFK og Hødd inviterast? Sannsynlegvis ikkje med toppa lag, men...eit forslag. Andre tips er at det er på tide med ei skikkeleg jubileumsbok i høve idrettslagets bursdag. Det har jo skjedd ei rivande utvikling i Sæbø IL sidan det grøne "heftet" vart utgjeve i samband med 50-års jubileet i 1983. Ikkje minst på anleggsida med flott klubbhus, men også sportslege høgdepunkt som fleire krinsmeisterskap både til a-lag og aldersfastlagde lag. På 90-talet byrja fast Sæbø-deltaking i Norway Cup mm. Ikkje minst er det sannsynlegvis mange gode bilete som kan nyttast. Eg er i alle fall motivert for å kunne arbeide med ei slik bok. Kva trengs av midlar for å få til eit slikt prosjekt? Kostar det mykje reint økonomisk? Nokon i sogelaget har vel ein peikepinn.
Kjell-Johan Aarseth
Sæbø cup (13.11.2006 kl. 22:28)
Mange gode poeng her Rune. Det er i alle fall liten tvil om at skifte av turneringsforma til fleire lag og kortare kampar ga cupen eit løft. Dette har både publikum, spelarar og andre involverte gitt tilbakemeldingar på. No er det ikkje lenger spindelvev på dei som står i kiosken heller... Fleire folk er på Sæbø heile dagane under cupen i og med at laga ikkje berre spelar ein kamp. Det er likevel alltid nokre utfordringar ein må ta stilling til. Du skriv at cupen må ha eit visst preg av seriøsitet, noko eg synes den har. Problemet er ofte at seniorlaga i kommunen heller ikkje klarer å stille fullt lag grunna feriar ol. Laga har i mange år hatt gjestspelarar, spelarar har figurert på fleire lag undervegs i cupen for å kunne stille fulltallig, og då synes eg ikkje at eit reint veteranlag vil vere noko dårlegare alternativ.
Seriespelet har og den bakdelen at siste innleiande kamp kan bli identisk med finalelaga, noko som også har skjedd. Dermed vert det ein kamp utan betydning før dei same laga skal i aksjon i finalen. Dette vil ein unngå med 6 lag og to puljer.
Kjell-Johan Aarseth
Jubileums-Cup (13.11.2006 kl. 21:42)
Balansert og fornuftig innlegg frå tidlegare Cup-general og noværande Sunnmøre fotballkrets-pamp Rune Sæbønes dette! Invitasjon til veteranlaget i høve 75-årsjubileumet i 2008 høyres for min del ut som ein særs slu plan ! Trur også veteranlaget har godt av ei samling til (haust07); for å spisse forma, og då kjem Sæbø-cup 2007 for tidleg ! Forslaget til Kjellis med trenarar for veteranlaget dersom deltaking i Sæbø-cup er heller ikkje dumt, og då går eg for Jarle og "Post" som trenarteam. Jarle kan då syne overstegsfinta si under oppvarminga og Post kan setjast direkte inn dersom det vert straffekonk ! Reknar med at fleire veteranar har synspunkt på saka, så her er det berre å delta i debatten.
Alf Ole Aarseth
Jubileet er i 2008 (13.11.2006 kl. 21:35)
Ooops. Eg skreiv visst at 75-års jubileet til Sæbø IL er i 1998. Det er sjølvsagt fullstendig feil. Jubileet er i 2008. Kanskje kan folk gjennom portalen kome med tips om kva som skal markerast dette året...
Rune Sæbønes
Sæbø-cupen (13.11.2006 kl. 20:53)
Først av alt. Det er flott folk viser engasjement for Sæbø-cupen, og korleis vi i Sæbø IL heile tida skal utvikle turneringa til å verte noko endå betre. Det eg skriv under, er dessutan mi eiga personlege oppfatning, og må ikkje forvekslast med styret i fotballgruppa sitt syn, då eg ikkje sit der lenger.
Sæbø-cupen er først og fremst til for dei aktive fotballspelarane. Dei siste åra har turneringa vorte ein kommunecup for seniorlaga på herresida i Ørsta kommune. Vi har innført seriespel med avsluttande finale. Det har vist seg å ver eit godt grep. Turneringa er fornya, fleire folk ser på turneringa, spelarane og trenarane er meir nøgde, og ikkje minst har omleginga ført til at Sæbø-cupen igjen er ei inntektskjelde for fotballgruppa.
Etter mitt syn bør ikkje dette konseptet endrast for mykje. Når det er sagt, så synest eg ein skal vurdere seks lag. Det vil då seie to gruppespel med finale mellom gruppevinnarane, eller eventuelt mellomspel før finalen.
Då kan diskusjonen vere kven som skal vere det sjette laget.
Sjølv meiner eg Sæbø-cupen er mest attraktiv viss dei deltakande laga i turneringa er lag som spelar i seriesystemet.
Vidare meiner eg ei slik turnering skal ha alvor i seg. Det er konkurransen, og ikkje showet, som primært skal pirre publikum. Eg har ikkje erfaringstal, men har ein mistanke om at dei turneringane som har hatt show-lag med i tevlinga, ikkje har vunne særleg publikum på det.
Hugs også at det sportslege elementet i turneringa er å gje dei aktive seniorspelarane eit tilbod. Dei må alltid kome i første rekkje.
Men eg er ikkje i mot at Sæbø IL inviterer veteranane i klubben til turneringa. Tvert i mot, veteranane er ein ressurs for klubben. Spørsmålet er korleis ein skal utnytte denne ressursen best.
Eg har tre utspel: 1) Sæbø-veteranane vert inviterte til å spele show-kamp mot eit anna utvald lag i tida før finalen i Sæbø-cupen på søndagen.
2) I 1998 fyller Sæbø IL 75 år. Då kan vi ha ei jubileumsturnering som er noko større, og der Sæbø-veteranane tek del - frå tretti til sytti +.
3) Vi tenkjer heilt nytt, og arrangererer ein Sæbø-cup nr. 2 - i sjuarfotball. Sjuarfotball er på full fart inn i seniorfotballen. Ikkje minst synest dei aktive sjølve dette er morosamt. Her kan vi faktisk bruke tre baner samstundes (grasbana med to baner pluss treningsfeltet). Her vil det vere plass til t.d. 20 lag, både seniorar, veteranar, og kanskje også ha ei dameturnering samstundes.
Rune Sæbønes
Sæbø Cup (13.11.2006 kl. 12:19)
Som tidlegare Sæbø-cup general hadde eg vore positiv til eit veteraninnpass til neste års cup. Turneringsforma dei tre siste åra har vore med 5 lag og kortare kampar. I år var turneringa også utvida til å omfatte nokre kampar på fredagen, så det burde gå an arrangementsmessig å få inn eit lag til.
Spørsmålet er som nemnt om vi klarar å stille 11 mann på beina. Litt ferieavhengig for nokre sannsynlegvis. Eg melder meg i alle fall til teneste. 20 minutts omgangar passar oss veldig bra (noko vi har erfaring med). I tillegg har vi den fordel at vi kan spisse forma mot cupen, medan dei andre laga er midt i oppkøyringa til haustsesongen.
Kanskje klarar vi å hente inn ein veteran på trenarbenken også? Burde ha nokre kapasitetar å velge mellom: Jarle Walseth, Stein Aam, Gunnar Ellingsen, Erik Brautaset, John Frøland mm?. Er spent på kva cupgeneral, toppjournalist og portalhøvding Rune S. meiner om saka...
Kjell-Johan Aarseth
Cup-veteranar ? (10.11.2006 kl. 19:31)
Ny veterankomite for dei neste 2 åra er Audun og Arnten. Går rykter om at komiteen ikkje ligg på latsida, og allereie har bestilt 2 draktsett til veteranturane. Internkampane er som alle skjønar særs viktige, og det skal i alle høve ikkje stå på påkledninga :) Eit tema som har gått igjen på søndagsmøta på desse turane er om veteranlaget burde stille lag i Sæbø-cupen eit år. Vart ikkje nemnt på årets møte, men er det gjennomførbart ? Er Sæbø-cup generalane åpne for diskusjon ? Klarer me veteranar å stable på beina eit 11-manns lag ? Er me i god nok form til dette ?Fleire spørsmål enn svar førebels.. Men 20 min kampar passar iallefall tilårskomne bein godt, og ein kjem eit lite stykke på veg med rutine også. Trur personleg at både dei fleste veteranar hadde stilt opp dersom invitasjonen kom, og trur heller ikkje at tilskodarinteressen lokalt på Sæbø hadde vorte noko mindre med eit slikt innslag, f.eks på neste års Sæbø-Cup. Inviterer herved til litt diskusjon både frå veteranar og andre.
Alf Ole Aarseth
Godt miljø (04.11.2006 kl. 18:52)
Jeg har vært på to turer med gjengen. Det skal bli flere! Vi har det superflott på turene. Kan ikke tro at det er 15 år siden jeg spilte på Sæbø. Uansett fibre, det er en fin gjeng.
Asbjørn Langø
Godt miljø (04.11.2006 kl. 18:32)
Eg er imponert over samhaldet og kameratskapet de har!
Møtast som de gjer for å markere dette! Spreidd for "alle vindar."
Lat det representere det tilbakefemnande ønskjet i Hjørundfjorden!
Helge Strand
Godt Miljø (04.11.2006 kl. 17:47)
Ei lita presisering: alle veteranane gjekk etterkvart i offside-fella, sjølv om det ser ut som Sverre-Børge, Odd Rune og Audun har mykje defensive fiber i kroppen på dette biletet. Må seie at veteranturane har vore ein formidabel suksess heilt frå starten i 2001 (Lillehammer). Trur ikkje nokon andre lag i Ørsta/Volda fotballen har fått til noko tilsvarande med sine "avdanka" spelarar. Seier vel eigentlig alt om kor godt miljø vi har hatt og har i Sæbø-fotballen. Fleire vil få invitasjon, etterkvart som dei når rett alder...
Alf Ole Aarseth
Offside (04.11.2006 kl. 00:56)
Vil bare si at det ikke er noe merkelig at Kå ofte går i offside. Han har ikke en defensiv fiber i kroppen. Ellers er han en kjekk kar.
Asbjørn
Asbjørn Langø
Offside ! (03.11.2006 kl. 21:22)
Du har heilt rett Helge ! KÅ kjem frå offside, men linjevakt Arnten står og søv ! Svein Jon gjekk derimot rett i offside 2 gonger etter dette biletet er teke. Som du ser står det 2 nytappa ØL til på bordet...resten er historie
Alf Ole Aarseth
offensivt 4 (03.11.2006 kl. 20:58)
Takk, Alf Ole! Eg vart litt uroleg. Min gode ven Svein Jon, eller KÅ som du seier, fortener ein sikker plass i ei slik oppstilling.
Litt av årsaka til KÅ sin "forsvunne plass" på biletet får Arnten ta. Ei "tidlegare utgåve" av han ville gje plass til KÅ sin profil....!
Tilbake til det vesentlege. Kjem ikkje KÅ frå offside? Som den einaste med glaset i handa tyder det på at han i trekket før har vore i klar offside-posisjon. Han kjem altså frå offside. Dermed er han framleis i offside, sjølv om han no er innanfor linja.
Kan domaren KÅ avkrefte/stadfeste dette?
Helge Strand
Offensivt 3 (03.11.2006 kl. 19:52)
Jaudå Helge, Svein Jon er i aller høgste grad med: legg merke til ølglaset rett framfor nasetippen til Arnten på biletet. Ingen andre enn KÅ dette som held ølet i eit fast grep nesten heilt dekt av nemnde Arnten, men godt innanfor offsidelinja !
PS. Bortimot prikkfri dømming i internkampen forresten :-)
Alf Ole Aarseth
Offensivt 2. (03.11.2006 kl. 19:10)
Biletet frå prøvesmakinga er eit døme på offensiv oppstilling. 1-10 system. Raskt i angrep!
Men kvifor er ikkje sjefsveteran S.J. Holen med frå start? Frykta de kanskje at han straks gjekk i klar offside-posisjon....?
P.S Eg legg merke til at Ose allereie er på linje!
Helge Strand
Offensivt! (03.11.2006 kl. 19:04)
Helge Strand
Overflod av domarar (03.11.2006 kl. 10:00)
Svein Jon var blant veteranane som hadde helsa i behald, og han måtte derfor spele. Og han spelte godt. Tre mann var indisponible grunna diverse skavankar. Dermed vart det domartrio denne gongen. Alf Ole Aarseth som hovuddomar og Asbjørn Langø og Arnt Egil Hjellen på linene. Berre fjerdedomar som mangla... Eller Arnten var både assitenddomar og fjerdedomar (mangla berre lystavle). Audun Lyshagen tok sjølvsagt alle frisparka. Til begge lag :)
Kjell-Johan Aarseth
Dømde Svein Jon? (02.11.2006 kl. 22:58)
Var det tidlegare toppdommar Svein Jon Holen som dømde kampen?
Og tok Audun Lyshagen frisparka? Med andre ord: Let dei andre ballen liggje?
Rune Sæbønes