Vi har sett og høyrt det;  mange stadar i Noreg har vinteren kome for fullt.  Men ikkje hos oss i Hjørundfjorden.  Ikkje kom det særleg snø i natt heller, men utover dagen i dag vart det kvitt over heile fjorden.

IMG_3751

Desse benkane på parkeringsplassen på Bondalseidet, v/rv. 655, brukar å vere ein populær samlingsplass - spesielt for dei som driv med paragliding.  Men i dag fekk dei stå ubrukt.

Dei siste dagane har vi sett trasten og staren samle seg i store flokkar.  Dei har nok kjent det på gikta, vinteren er på veg.  Mange av desse fuglane er nok no på veg mot vinterbustadane sine.  Hjorten har stort sett slutta å bura, men likevel høyrde eg eit litt sorgtungt gaul frå ein i dag.  Truleg ropte han ut:  "Vert det ikkje noko på meg i dag heller"?

No er nok flesteparten av sauene også kome i hus, og sjølv dei største optimistane kvir seg nok for å køyre særleg langt med sommardekk på bilen.

IMG_3755IMG_3757

Til venstre ser vi at det framleis kan vere lauv på bjørka sjølv om den friske grønfargen for lengst er vekke.  Lønnen, på foto til høgre, derimot, brukar å vere eit av dei siste treslaga som tek vinter.  Til gjengjeld må han nok finne seg i at nokre greiner brotnar i løpet av natta dersom det kjem mykje snø.

På ingressbiletet ser vi at nypene framleis er raude og fine.  Kan ein lage vin av desse?  Steinen i nypene er i alle fall fine som kløpulver.  Stapp nokre ned mellom skjortekragen og kjenn etter om det stemmer.  Elles er det ein hyll under lønnen over.  I år har den svarte og fine bær.  Eg veit at i Svein Stavset har laga vin av slike bær i år.  Tek han imot besøk, tru?

Men fredag regnar det igjen.  Kjem hausten tilbake?