I ei av dei siste årsbøkene frå Hjørundfjord Sogelag har Erling Storeide skildra korleis drifta på gardane vart då hesten vart erstatta med traktor. Dei som hadde dei flataste gardane skaffa seg 4-hjulingar, medan dei andre måtte greie seg med to-hjulingar. Eit problem var at når bakkane vart for bratte og lasset for tungt kom det rare lydar frå gear-kassa og dermed var det stopp. På Kristian-garden hadde dei ein to-hjula Bucher som fleire gonger måtte demonterast og skiftast delar på. Den flinkaste til slikt arbeid på Trandal på den tida var han Nes-Sivert (som dessverre omkom i Molaupulukka i 1972). Biletet viser Sivert som studerer instruksjonsboka saman med Olav Storeide sommeren 1966. Biletet er tatt like ovanfor løa på Kristian-garden.
Frå venstre ser vi Jonny Sjåstad, Sivert Nes, Olav Storeide, Knut Sjåstad (bak traktorkassa).Personen med ryggen til får vere ein "quiz".
Kommentarar
Spørsmålet vidare er vel då om dette var ein ekte Massey Ferguson, eller var det ein lisensprodusert sak?