I dag må vi setje ei aldersgrense oppover.  Dette er ei oppgåve for oss under 50...

I fylgje Helge Nordang har denne gjenstanden sikkert vore brukt sidan vikingtida og nesten heilt fram til våre dagar.  Gjenstanden var brukt i dei fleste, for ikkje å seie alle heimar.  Fotografiet er slett ikkje bra, men det er skuggen du ser bak på veggen. 

IMG_3799

Svar:  Dette er ein tranlampe.  Etter det eg har fått opplyst, brukte lampen å henge etter kroken - kroken vart altså lyft opp - og hengt opp på ein bjelke eller liknande.  Ein hadde så tran i skåla og la ein ulltråd opp i trana.  Enden av ulltråden stakk utfor kanten og vart brukt som ein veik.  Men ein slik lampe kunne vel ikkje gje mykje lys?