Mange ser fram til det årlege "Open-dag" arrangementet på Hjørundfjordheimen på Sæbø.  Mange nyttar høvet til å  besøke slektningar og vener som bur på heimen, men fleire stikk også innom for å slå av ein prat, kjøpe seg mat, eller berre for å la seg underhalde av t.d. musikalske krefter.

IMG_3755

Hallvard Urke(t.v.) og Leif A. Øye spelte trekkspel og Ingrid Øye song på "Open-dag" arrangementet.

IMG_3762IMG_3754

Det var sjefen på Hjørundfjordheimen, Knut Åmås(t.v.), som leidde programmet.  På foto til høgre ser vi frå venstre:  Edvard Henrikson Valeth, Ragnar Standal, Trygve Eide og Jakob E. Øye. Ragnar, Trygve og Jakob bur på Hjørundfjordheimen.  Sistnemnde var tidlegare ordførar både i Hjørundfjord kommune og seinare i Ørsta kommune og han har nok ein stor del av æra for at vi i det heile har ein "Hjørundfjordheim" på Sæbø.

Det vart både kjøpt- og seldt lodd på huset denne dagen.  Gevinstar på basaren var m.a. sjølvvovne teppe og ryer og ikkje minst ulike strikka gjenstandar - gjenstandar som sjølvsagt var strikke på på Hjørundfjordheimen.  Knut Åmås fortalde at heimen også får gåver.  Han nemnde spesielt at i haust hadde dei fått ca. 20 kg sjølvplukka tytebær av Oddvar Rekkedal.

Ei mindre utstilling av gamle gjenstandar var  eit populært innslag.  Gjenstandane var først og fremst samla inn av no avdøde Ole Ville, men Helge Nordang hadde også med seg t.d. eit spesielt blekkhus.

IMG_3767IMG_3768

Kva er dette?  Ein høvel, javel, men kva type undrar f.v. Johan Riise, Sverre Nordang, Helge Nordang, vaktmeister Sigve Aklestad og Knut Åmås.  På foto til høgre er eksperten tilkalla - Trygve Holen har jobba med tre stort sett all sin dag og veit sjølvsagt svaret.

IMG_3779

Sjefen og nestsjefen - Knut Åmås og Eldrid Øye - framfor kulturaktivitetskalenderen.  Ny aktivitetskalender vert sett opp for kvar veke.

Under programmet var der ca. 100 til stades ifylgje vaktmeister Sigve Aklestad.  Knut Åmås gledde seg over at så mange møtte opp  og takka alle som gjev gåver og gevinstar til Hjørundfjordheimen.  Eit slikt tiltak gler også dei som har  Hjørundfjordheimen nettopp som sin heim.

IMG_3757

Her ser vi nestleiar og avdelingssjukepleiar Eldrid Øye(t.v.) tek seg ein velfortent pust i bakken etter eit vellykka arrangement saman med ein del av mannskapet sitt.  Frå venstre ser vi altså Eldrid, Edel Johanne Mo, Judith Aarseth, Anne Merethe Breivik, Inger Anne Stokke og Marion Mo.

Til slutt tek vi også med nokre nøgde gjestar denne dagen.

IMG_3780

Frå venstre:  Anna Frøland, Jorunn Hustad, Bjørg Kvistad, Liv Mo og Berta Kvistad.