Av 12 Berner Sennen hanhundar frå dei nordiske landa som stilte i championklassa (ein må altså vere champion for å stille her) greidde "Odin" på nytt ei god plassering - han vart nummer 3.  Og ikkje berre det - av alle dei 40 hundane som stilte i "Odin" si klasse totalt, vart "Odin" nr. 5.  Eigaren av "Odin" er som kjent Jan Rune Frøland.

- Det har blitt ein del premiar på "Odin" no, Jan Rune? Det er hjorundfjord.no som spør.

- Jau, det er blitt litt sløyfer og krystall.

- Må du forsterke premiehylla?

- He, he, nei hylla toler nok litt til...

- Odin vart nr. 3 i Nordisk meisterskap i helga.  Kan han oppnå eit like godt resultat i eit seinare meisterskap?

- Ja, absolutt.  Dommarane skiftar frå utstilling til utstilling og smaken varierer.  Neste gong kan han bli nummer ein - eller han kan bli uplassert.  Dette gjer meisterskapen spennande.  I alle høve er eg svært godt nøgd med resultatet i helga.

picture

Her ser vi "Odin" heime på Valset.

hjorundfjord.no må også få opplyse om at Berner Sennenhunden med namnet Melkebart Asterix, alias "Asterix" eigd av Oddbjørn Barstad som bur ved Høgebrua i Follestaddalen, vart nr. 4 i den  klassa der "Odin" vart nr. 5.  Høgebrua er nok utanfor hjorundfjord.no sitt område, men det spesielle er at "Asterix" er fødd hos Linn og Arnfinn Mork i Volda.  Og Arnfinn Mork er hjørundfjording - utan tvil.  Les meir om kennelen til Linn og Arnfinn Mork på denne adressa: http://www.melkebart.com/

asterixnkkhode

Og her er "Asterix".  Fotoa er henta frå heimesidene til desse stashundane.

hjorundfjord.no gratulerer sjølvsagt både Jan Rune Frøland, Oddbjørn Barstad og Linn og Arnfinn Mork.