Av 12 Berner Sennen hanhundar frå dei nordiske landa som stilte i championklassa (ein må altså vere champion for å stille her) greidde "Odin" på nytt ei god plassering - han vart nummer 3. Og ikkje berre det - av alle dei 40 hundane som stilte i "Odin" si klasse totalt, vart "Odin" nr. 5. Eigaren av "Odin" er som kjent Jan Rune Frøland.
- Det har blitt ein del premiar på "Odin" no, Jan Rune? Det er hjorundfjord.no som spør.
- Jau, det er blitt litt sløyfer og krystall.
- Må du forsterke premiehylla?
- He, he, nei hylla toler nok litt til...
- Odin vart nr. 3 i Nordisk meisterskap i helga. Kan han oppnå eit like godt resultat i eit seinare meisterskap?
- Ja, absolutt. Dommarane skiftar frå utstilling til utstilling og smaken varierer. Neste gong kan han bli nummer ein - eller han kan bli uplassert. Dette gjer meisterskapen spennande. I alle høve er eg svært godt nøgd med resultatet i helga.
Her ser vi "Odin" heime på Valset.
hjorundfjord.no må også få opplyse om at Berner Sennenhunden med namnet Melkebart Asterix, alias "Asterix" eigd av Oddbjørn Barstad som bur ved Høgebrua i Follestaddalen, vart nr. 4 i den klassa der "Odin" vart nr. 5. Høgebrua er nok utanfor hjorundfjord.no sitt område, men det spesielle er at "Asterix" er fødd hos Linn og Arnfinn Mork i Volda. Og Arnfinn Mork er hjørundfjording - utan tvil. Les meir om kennelen til Linn og Arnfinn Mork på denne adressa: http://www.melkebart.com/
Og her er "Asterix". Fotoa er henta frå heimesidene til desse stashundane.
hjorundfjord.no gratulerer sjølvsagt både Jan Rune Frøland, Oddbjørn Barstad og Linn og Arnfinn Mork.
Kommentarar