BF Kvernes

Fjord1 MRF hadde B/F Kvernes som turistferje i sommar. 62 grader nord tenkjer seg same konseptet i sambandet Magerholm - Leknes.

Turistferja vil ha plass til mellom tretti og førti bilar, og 62 grader nord håper å få tak i ei ferje som har salong over dekk. – Vi ynskjer jo at folk skal få sjå noko av Hjørundfjorden, seier styreleiar Knut Flakk i 62 grader nord, til Møre-Nytt.

  

Han fortel vidare at satsinga i 2007 er retta mot bilturismen. – Vi kjem til å køyre ferja i heile juli, og kanskje noko i juni og august.

  

Når sambandet i 2008 vert ein del av opplegget til 62 grader nord og Classic Norway i samarbeid, opnar det for satsing mot nye marknader, som bussturistar og gruppereiser.

  

- På ein lang dag kan folk kome seg igjennom heile ruta. Likevel er meininga at det skal verte overnattingar langs ruta, og då er det opp til aktørane langs ruta å etablere tilbod, seier Flakk.

 Når Magerholm er valt framfor Solavågen som ferjekai på andre sida av Storfjorden, er det fordi det ikkje var plass nok i Solavågen til ekstra biloppstillingsplassar. Flakk håper at Solavågen vert ferjekaia som skal nyttast på sikt. Då er det rett inn fjorden.  

 

Møre-Nytt har meir om saka torsdag (i dag).