Saeb

Skissene som er laga for ny gymnastikksal, vert teke med i det vidare arbeidet.

Lokalt er det Samarbeidsutvalet ved Sæbø skule og Sæbø Idrettslag som driv fram prosjektet. Ørsta kommune sine organ er sjølvsagt også med på prosjektet. I budsjettframlegget for 2007, ligg det inne 700.000 kroner til forprosjekt.           

Ørsta kommune er altså innstilte på å byggje ny gymnastikksal på Sæbø. Det gjeld også ein ny gymnastikksal på Vartdal. Prosjekta vert køyrde saman for å få mest mogleg økonomisk gevinst ut av realiseringa, og Sæbø IL og Vartdal TIL vil dessutan samarbeide om prosjekta.           

Behovet for ein ny gymnastikksal på Sæbø er prekært. Dagens gymnastikksal står på skade, og taket lek. Gymnastikksalen er også for liten til det meste av bruken. Det gjeld både sjølve hovudføremålet, ein stad å drive idrett i, og til bygdefunksjonane. Er det dårleg ver ein 17.mai, og folkefesten må innandørs, er det knapt plass til alle i gymnastikksalen.           

Difor ser nemnda som er sett ned med representantar for samarbeidsutvalet og idrettslaget føre seg ein gymnastikksal med måla seksten gonger tjuefire meter. I tillegg kjem garderobar og andre funksjonar. Mellom anna er det tenkt ei scene som kan nyttast både innandørs, og utandørs for t.d. Hjørundfjorddagane. 

Vidare tenkjer nemnda seg eit klasserom i andre høgda over der inngangspartiet er. Det vil kunne frigjere eit klasserom i eksisterande bygningsmasse som kan brukast som bibliotek. Ei samlokalisering av skulebiblioteket og folkebiblioteket vert sett på som ein stor føremon.

Saeb

Slik er skissa for den nye gymnastikksalen

            

 Måla tjuefire gonger seksten meter er vitale, fordi det er ei halv handballbane. I dag trenar dei yngste borna i Sæbø IL handball i gymnastikksalen. Idrettslaget synest det er for tidleg å reise med dei minste borna til Ørsta og trening der. Med betre treningsfascilitetar, vil det sikre rekrutteringa. Også for fotballen vil det vere betre med ein større gymnastikksal, for då vil det vere enklare å gjennomføre treningar innandørs. Vidare vil Sæbø IL framover setje meir fokus på folkehelsa og trimaktivitetar, og då vert det behov for ein god gymnastikksal til å trene i. I planane for ny gymnastikksal, ligg det m.a. inne eit eige styrketreningsrom.           

Ein større sal vil også betre ”grendehusfunksjonane”. Gymnastikksalen vil då i større grad kunne brukast til samkome for heile fjorden.           

Utfordringa er altså finansieringa. I kommunen sine planar skal gymnastikksalar vere 250 kvm. Forslaget som kjem både frå Sæbø og Vartdal er på 384 kvm pluss garderobar. Det synest klart at det er lokalsamfunna sjølve som må finansiere mellomlegget.           

Ein sannsynleg byggjestart er i 2008, og til då må det arbeidast med å finne eit opplegg for finansering. Det synest heilt klart at alle gode krefter må arbeide saman for å få dette prosjektet i hamn.