Jakob Hauge Mo og Mikkel Riise er mellom initiativtakarane til ungdomstiltaka.
Onsdag kveld kalla Bondalen Frilynde ungdomslag inn til eit ope styremøte der ungdomstiltak var tema. Møtet var eit resultat av framtidskvelden for ungdom tidlegare i haust, og at fleire ungdommar har vendt seg til ungdomslaget og bedt om at tiltak vert sett i verk.
Særleg er det tiltak innandørs som er ynske, noko som også kom fram på ungdomskvelden.
Og for å gå rett på sak. Det er avgjort at det frå fredag den 24. november til laurdag den 25. vert eitt døgers dataparty på grendehuset. Viss tilatket er velukka, og ungdommen sluttar opp, vert det fleire slike happeningar.
Fram mot jul vert det også juleball for ungdom på grendehuset. Då skal det dansast. Og kanskje kan danseferdigheitene verte gode til ballet, for i Norangdal vert det arbeidd med eit dansekurs. Viss det går i orden med eit skyssopplegg, kan ein få ungdom frå heile fjorden dit.
Eit heilt spesielt ynske er faste ungdomskveldar. Dette ser ein ut til å få til. Med aldersgrense frå sjuande klasse skal det verte faste kveldar på grendehuset. Utfordringa her er skyssordningar slik at heile fjorden kan vere med. Når desse kveldande kjem i gang, vert avgjort på eit seinare møte.
Det er også mogleg det vert arrangert ein ungdomskveld på Bjørke. Bjørke UL har lyst å arrangere ein slik kveld, og også her er utfordringa er skyssordning.
Det vil etter kvart kome meir info på hjorundfjord.no om dei tilaka som kjem. Følg også med i aktivitetskalenderen.
Kommentarar
Det skal bli dansekurs på Bjørke også lover vi i ungdomslaget.
Folk jobber nå med kva tid for kurset og kva det skal innholde.
Meir innformasjon kjem seinare.
Eg har tenkt på det lenge nå.
Eg får engasjere dei unge så får vi det heilt sikkert til.
Har snakket litt med dei om det.
Eg tenkte meg då at vi kunne be inn alle frå fjorden til denne kvelden.
Dersom det kunne orne seg med skyssbåt då.
Kanskje vi kunne vise film først så ei matykt og til slutt diskotek/karaoke ol
Her må så klart dei unge få vere med å bestemme
kva som skal vere aktiviteten denne kvelden
Utstyr har vi til det meste.
Bra Lydanlegg med mykje tilbehør /Nytt Filmlerret/Videoprosjektør/ Karokeutstyr/Diskolys
Håper alle unge i fjorden kan møtest til en hyggelig kveld på Bjørke.