I Møre Nytt les vi at administrasjonen ikkje finn pengar på budsjettet  til skyssbåten M/S "Hjørundfjord" for år 2007.  Skal tru om dei meiner alvor?

I går, tysdag 28.11.06, var eg heldig og fekk vere med båtførar og eigar av M/S "Hjørundfjord", Oddvar Olsen,  til Bjørke.  Klokka 1440 gjekk han frå kaia på Sæbø.  No skulle han hente dokter Bruno Hame som denne tysdagen - som alle tysdagar - hadde kontordag på Bjørke.

IMG_3860

Litt motvind frå sør - sønnavind - gjer at det vert litt sjøsprøyt i det M/S "Hjørundfjord" passerer Skår.

Tidlegare på dagen hadde Oddvar frakta Bruno Hame nettopp til Bjørke og ikkje minst ei skuleklasse som skulle ha symjeundervisning i bassenget på same stad.

 

IMG_3868

Her ser vi Noregskartet ved Skarvhammaren.  Men dersom temperaturen framfleis vert 10 grader pluss, vil nok "kartet" forsvinne etter kvart.

IMG_3875

Oddvar og M/S "Hjørundfjord" er snart på Bjørke, men må først passere Finnes og den omdiskuterte Sætrefossen.

Av Oddvar fekk eg vite at eigentleg er stengetid for legekontoret på Bjørke klokka 15.  Men dokter Hame oppererer ikkje med ventelister.  Så lenge det er folk på venteromet, arbeider han.  Difor hender det som oftast at Oddvar må vente ei tid før Hame kjem til båten.

IMG_3882

Oddvar ventar på dokter Hame ved kaia på Bjørke.  Vi ser litt av M/S "Hjørundfjord" i bakgrunnen.  I framgrunnen den den landskjende telefonkiosken Prillarguri.

Etter kvart kjem Hame.  Han helsar og er i godt humør.  På tilbaketuren les han.  Eg kunne sjølvsagt vende kameraet mitt bakover og ta ei foto av han, men eg let det vere.  Det var best slik.

IMG_3887

Det osar ro av denne mannen - båteigar og båtførar Oddvar Olsen.

På turen ut att til Sæbø er det mørkt.  Oddvar skrur over til nattlys på radarskjermen sin, men held også utkik framover.  Dette er rein rutine for han. 

Nei, eg trur nok ikkje at M/S "Hjørundfjord" vert nok ikkje lagd ned i år. Og det trur eg ikkje at Oddvar  trur heller...