Drakta til Sæbø IL heng på orkesterplass under helgas fotballkrinsting. F.v.: Marius Strandmann, Svein Jon Holen, krinsleiar Bjørn Ivar Rødal og Alexander Riise Olsen.
Det er mange viktige saker som skal takast opp på krinstinget fredag og laurdag. Utfallet av dei vil få følgjer for Sæbø IL.
Mellom sakene som skal drøftast er bruken av overårige i aldersfastlagde klasser, og om bøte- og premieringssystemet for klubbar si rekruttering av dommarar skal halde fram.
Sæbø IL sine representantar har instruksar om kva dei skal gå inn for - sjølvsagt det som gagnar Sæbø IL.
Delegatane frå Sæbø er framleis usikre i nokre av saker, men skal bruke fredagskvelden for å rådføre seg og diskutere med representantar frå andre idrettslag.
Svein Jon Holen er ein veteran som representant for Sæbø IL på krinsting. Han var på sitt første ting i 1985.
Under tingmiddagen var sjølvsagt Marius Strandmann (t.v.) og Alexander Riise Olsen standsmessig kledde, og representerte Sæbø IL på ein fin måte.
Sæbø-drakta vart etter kvart den mest populære. Her viser krinssekretær Kristin Valbø fram drakta - med Alex og Marius som observatørar.
Kommentarar
Sæbø I.L er dyktig med å vere representert på krinstinga. Det skal ikkje minst Rune ha honnør for!
Eg sjølv har hatt gleda av å vere representant fleire gongar,og også ved eit par høve på vegne av Sæbø I.L ha teke imot utmerkinga som krinsmeistar i fotball for A-laget. Det var kjekt å treffe "fotballfamilien!"
Rune har nok oversikt over dette, men Sæbø I.L trur eg er av dei laga i fotballkrinsen som har flest meisterskap i aldersbestemte klasser og opp til A-lags nivå.Imponerande i seg sjølv!
Eg personleg var noko skeptisk til dei nye draktene til A-laget, men når eg ser denne presentasjonen.....!
Men det viktigaste med å vere med på krinsting er å vise at Sæbø IL er engasjerte og interesserte i å gje eit godt fotballtilbod for born og unge i bygdene i Hjørundfjorden. Hugs at Sæbø IL i si tid var pådrivarar både for sjuarfotball og overårig-regelen. Dei ordningane gjer at lag i mindre bygder kan vere med i seriesystemet.