Holmshornet ser vi til venstre på biletet, i forlenginga av kjeda ned frå Dalagubben.
I sommar var det fire lokale heltar som utfordra fjellet, og kleiv opp frå Hjørundfjorden. Det er det faktisk få som har gjort. "Aldri meir Holmshornet", sa ein av dei fire som gjekk på toppen i sommar. Det er ugjestmildt, og eit av dei fjella der ein faktisk kan seie at ein kan sitje over skrevs på toppen.
Einar Tvergrov, Thomas Hamne og Marius Strandmann var i sommar på Holmshornet, saman med Arnar Holen, som har teke dette biletet. Dei gjekk same rutane som dei fire pionerane vi er ute etter namnet på. Dette biletet ligg forresten inne på bildegalleriet til Hjørundfjordportalen.
Lesarane har før svart på kva namnet på fjellet er, og kor høgt det er, noko ein kan sjå av kommentarane under. No er altså spørsmålet kven som var fyrst på toppen av fjellet. Etter det hjorundfjord.no veit, var det fire karar som kleiv opp frå Hjørundfjorden ein gong i mellomkrigstida.
Kommentarar
Etter det eg kan sjå så er dette Jakta.
Kven dei fire som klivra er veit eg ikkje.
Dei første på toppen som også bygde varden var:
Johan Flatnes,Einar Frøland og Lars Sæbønes(min bestefar).Den fjerde som Rune hevdar er ukjent både for Ola og Johan Sæbønes.
Det var dei same 4 som var på Saudekråtinden og bygde varde.
Det var godt gjordt å gå frå Miendalen og oppå Holmshonnet uten klatreutstyr. Dei brukte eit belte til hjelp ein stad. Den tida var det pinnasko og hæljarn som var klatresko. Eg meinar at han Einar fortalde at dei tok av seg skoene på verste plassen.
Farfar, Johan Flatnes, fortalde en gong på 80-talet kor dei kom seg opp på Holmshornet. Det stemmer der som Knut Riise fortel. Han fortalde også at dei murte inn ei flaske inn i varden med namna deira på et papir ,og der står truleg dato og årstal også. Eg meiner han sa at det var i byrjinga av 1920 åra. Dei murte også midt-varden på Lynghalstinden også. Den minste varden på Lynghalstinden har eg murt.
Til Rune: Kanskje skal vi ta turen til Lynghalstinden saman?
Denne portalen er forøvrig flott lesnad for ein ørsting i eksil!!!