Denne veka måtte maskinførar Ronny Aamås ta seg ei pause i arbeidet på rampa p.g.a. snøen som kom, men i dag fekk han avslutta arbeidet.

IMG_3793

Her vert hella over Feireelva lagt på plass, men fyrst må ein diskusjon mellom Ivar Svein Mo(t.v.) og maskinførar Ronny Aamås, til. 

Den store hella har Hjørundfjorden bygdemobilisering fått heilt gratis av Bjørg Vist på Halsen i Bondalen.  Ivar Svein Mo er takksam for dette og no har altså hella blitt til klopp over Feireelva på Rise.  Der kjem hella til å vere til nytte for mange i åra framover.

I dag avslutta Ronny Aamås arbeidet med denne kloppa og leiaren for  prosjektet, Irene Osvoll, seier seg svært godt nøgd med arbeidet som har blitt gjort.  Det  som står att av arbeidet med gangvegen på rampa, er å få grusa siste strekninga frå Feireelva til busskuret på Rise. Det vil skje snarast råd.  Dei to rasteplassane er også ferdige, men benkar m.m. vil ikkje verte sett ut før til våren.  Er det forresten lag eller organisasjonar i dalen som kan tenkje seg å "adoptere" ein rasteplass, dvs. halde plassen fin og tiltalande gjennom sesongen?  Kanskje kan plassen få namnet etter den/dei som tek på seg ei slik oppgåve?

Ronny

Her ser vi maskinførar- og eigar Ronny Aamås på gangvegen ved kloppa.  Området er no grusa og tillrettelagt for turgåarane.

I tillegg til å få hella på plass, har området der Feireelva renn ut i Bondalselva, blitt reinska opp.  Dermed skal det igjen vere råd for t.d. sjøauren å gå opp i Feireelva og gyte, seier lakseentusiast Bjørn Urkegjerde til hjorundfjord.no.

IMG_3787

Området der Feireelva renn ut i Bondalselva, har no blitt renska opp.  Dermed kan t.d. sjøauren gå opp i elva og gyte.

 

Dette vert ein idyll.