Kapteinskvia

Kapteinskvia, slik Ose Ingeniørkontor og bygdemobiliseringa tenkjer seg det.

 

Hjørundfjord bygdemobilisering har fått Ose Ingeniørkontor til å utarbeide ei skisse for området. Skissa syner korleis ein tenkjer seg området skal verte. Det er lagt inn ein grillplass, eit grasfelt for leik og spel, eit sandfelt (Sandvolleyballbane), ein bålplass for jonsokbålet og vegsystem.

Prosjektet er meldt inn for føreåtgodkjenning for spelmidlar. Med å kome inn under ordninga for nærmiljøanlegg, kan femti prosent av kostnadene verte dekte med slike midlar. Resten av finanseirnga er dugnad og gåver.

Då er eit av dei viktige elementa ikkje med, gapahuken Thomas Hustad har laga eit prosjekt på. Det er planen at denne skal setjast opp ved grillplassen. Her kjem finanseirnga utanom spelmidlane.

Bygdemobiliseringa håper dugnadsånda vert minst like stor til dette prosjektet, som det som var tilfellet med rampa.

Arbeidsleiar for prosjektet er Linda Stokke.

 

Img_

Modellen av gapahuken som Thomas Hustad har laga.