Julefeiring på lisjestova

Julebesøk var vanleg før i tida, både når jula vart førebudd med baking og oppskoke, og når juledagane kom. Eg trur ikkje det fins så mange bilete som skildrar juleferiinga, men dette frå 1944 (2 juledag) kan gje eit godt inntrykk av samhald og felleskap i godt lag Dei som er med på biletet er: På trekkspel frå venstre, Jetmund "Jeppen" Trandal (Bakkane), Torolf Oftenes (nevø til Arne-Hans, omkom på selfangt i isen i 1952), på trekkspel til høgre, Arnfinn Trandal (Inngarden). I neste rekke frå venstre ser vi Hilma Skår (Arnegarden), Hans "Arne-Hans" Skår (Arnegarden), Edvard K. Trandal (Kristian-garden), Henny Trandal (Kristian-garden). I tredje rekke, Margrete Pedersen (på besøk frå Ålesund), Bjarne Trandal (Kristian-garden), Agnes Trandal gift Sjåstad (Kristian-garden), Elvida Trandal gift Bjørlykhaug (Kristian-garden), Edel Trandal gift Hovland (Bakkane), Anny Trandal gift Sjåstad (Kristian-garden), Johan "Inngards-Johan" Trandal (Inngarden). Dei to heilt bakerst er Peder Trandal (Kristian-garden), og så er det litt usikkert kven det er vi så vidt ser ved siden av Peder, men Bjarne og Peder, som har identifisert personane, meiner det er Hans "Bakke-Hans" Trandal (Bakkane). Bjarne kunne fortelje at han framleis har den gamle klokka vi ser på veggen, og han kjende igjen det vesle biletet som heng i midten bak, som han også har tatt vare på. Det er eit bilete av familien til eldstebror av Edvard K. Han heitte Bern og emigrerte til Amerika tidleg på 1900-talet. Eldstesonane på Kristian-garden skifta om å heite Bern og Kristian. Det var altså Bern som var odelsgut og skulle ta over garden, men det vart Edvard (tredjemann i odelsrekka) som overtok etter ein del styr i 1912. Edvard og Henny fekk 10 born og 5 av dei er med på dette biletet.