I det eg er iferd med å gå opp trappene til brua på ferja M/F ”Folkestad”, kjem eg til å tenkje på ei anna ferje som nesten greidde å køyre gjennom moloen på Hareid.  Vil eg bli møtt av ein styrmann som saknar middagsluren og som sit bøygd over ein PC-skjerm når eg kjem opp?

 

Det var ingen grunn til uro.  Oppe på brua var eg ynskt velkomen av styrmann Ole Johan Riise,  av  kaptein Per Kåre Nesset og maskinsjef Jostein Stavdal.  Dei to sistnemnde er voldingar, men som flesteparten av  hjorundfjord.no sin brukarar veit, er Ole Johan bondaling og hjørundfjording.  Desse tre var korkje sløve eller utrivelege - nei, tvert om.  Før eg fekk sukk for meg, hadde eg ein kopp med fersk kaffi i handa.

IMG_3802

Frå venstre:  Styrmann Ole Johan Riise, kaptein Per Kåre Nesset og maskinsjef Jostein Stavdal.

 

No har underteikna vore med Ole Johan (jau, Ole Johan er nok Ollen) på mange turar med skyssbåten M/S ”Rødhette” på Hjørundfjorden.  Og ja, Ole Johan passa på den båten også, men han er ein stor mann så slikt sett passar han nok betre på M/F ”Folkestad” – for her snakkar vi om dimensjonar.

IMG_3793

M/F "Folkestad" er ei stor ferje i vårt område.  Nesten på høgde med Rotsethornet...

 

Ferja er knappe 90 m lang og vel 16 m brei.  Ho har plass til ca. 90 personbilar og  ca. 300 passasjerar.  Etter det eg kunne sjå, var bildekket på storleik med Sæbø sentrum, brua på storleik med ei middels bestestove og golvet der hadde sjølvsagt skipsdekk.  Eg tvilar i alle høve på at det var golvbelegg. Det skein i det meste, men det uroa meg at ferja mangla ror.  .

 

Nei, anten det var styrmann Ole Johan som sat i førarstolen eller kaptein Per Kåre som hadde plass der, så såg det ikkje ut til dei sakna roret.  Dei hadde eit par joy-stickar som dei brukte og desse brukte dei med slik presisjon at ein ikkje merka når M/F ”Folkestad” klappa til kai.  Sjølvsagt er det spennande sjølv for ein 59-modell å få kome opp på brua på ei slik moderne og stor ferje.

IMG_3810IMG_3815

Kaptein Per Kåre og styrmann Ole Johan brukar berre to stk. joy-stick når dei manøvrerer ferja.  Dei er sikkert gode i å spele playstation 2...Til høgre ser vi ein skjerm som styrmann og kaptein nyttar seg av når dei legg til kai.

 

Per Kåre Nesset er forresten ikkje berre kaptein på ”Folkestadferja” – han er bonde i tillegg.  Dette vitnar om kvalitet.  Han har 30 vinterfora sau og 5000 høner.  Dermed oppfyller i alle høve han tidlegare landbruksminister Lars Sponheim sitt ynskje; kvar normann si høne.  Eg var forresten ikkje sikker på om eg skulle vere uroa fordi maskinsjef Jostein Stavdal ikkje hadde olje på hendene, men etter kvart fekk eg vite at han hadde ein lærling ein stad – så då så…

 

Nei, ”hjørundfjordferja” M/F ”Folkestad” går som kjent ikkje på Hjørundfjorden – ho går mellom Volda og Folkestad og er eigd av Tide-konsernet.  Men vi kallar henne ”hjørundfjordferje” kort og godt fordi av eit mannskap på 6 (pluss lærlingen), var 3 hjørundfjordingar denne dagen.  Kjell-Arne Urkegjerde, frå Sæbø, er matros og har truleg rekorden i billettering på ei vakt – ca. kr. 53.000,-. Ei vakt varer 12 timar.  I tillegg er også viddalingen Håkon Hustad Viddal matros om bord.  Ein hjørundfjording kan få heimlengt av mindre.  Likevel var det ingen av desse matrosane som stod på ferja si rampe og heldt utkikk då ho klappa til kai i Volda.  Nei, der stod de 3. matrosen om bord denne laurdagen – Inger Marie Dalebø frå Åmelfoten i Volda.

IMG_3814IMG_3809

Til venstre matros Kjell Arne Urkegjerde.  Til høgre matros Håkon Hustad Viddal.  Trivelege karar begge to.

 

Det var svært så triveleg om bord og etter kvart vart ein tur til to turar og eg merka knapt at dei la til kai – eller gjekk ut frå kai. Men mannskapet hadde som nemnt full kontroll.  Det kan nemnast at der er ca. 20 ulike kamera om bord i ferja.  Og på brua var det fleire skjermar.  Men eg såg ingen ordinær PC.  For å studere PC-en måtte skipper eller styrmann gå ned på kontoret – eit dekk eller to under brua.

IMG_3819IMG_3820

Til venstre ser vi styrmann Ole Johan og matros Kjell Arne. Ikkje tid for gravalvor, nei.  Til høgre ser vi skjermane og kontrollromet til maskinsjefen.  Han skal ha oversikta over seks framdriftsmotorar.

 

Kaptein Per Kåre Nesset er som nemnt også bonde.  For å vise at eg – som bonde – også hadde peiling på sjølivet, stilte eg nokre maritime spørsmål til dei tre på brua.

 -         Kvar går de når de skal fylle bensin? 

Ferja brukar diesel som drivstoff.  Ca. ein gong i veka kjem tankbilen om bord og fyller mens vi går.  Han fyller på ca. 24000 liter.  Tanken tek ca. 35000 liter.

 -         Ferja er høg - kor mange etasjar har ho? 

Vi brukar å seie at ein båt har dekk.  Denne har 5-6.

 -         Kva gjer de dersom maskina stansar og vi er midt ute på fjorden? 

No har ikkje denne ferja berre ei maskin/motor.  Ferja har 6 Volvo Penta D12 dieselmotorar kvar på 404 kw.  Ferja har 3 motorar i kvar ende så dersom ein stansar, skal vi nok klare å få både deg og dei andre passasjerande trygt i land.

 

Det må vel berre innrømmast:  Etter svara eg fekk på spørsmåla, fann eg det best å slutte her, men hjorundfjord.no sin utsende skal vel ha ros for å våge?

 

Ei historie til slutt.  Oversikta frå brua M/F ”Folkestad” er fantastisk, men det har også sine sider.  Styrmann Ole Johan skulle, ikkje lenge etter at han hadde teke til i jobben, rette litt på antrekket mens ferja låg ved kai i Volda.  Han opna buksesmekken og  slapp buksa nedpå låra for å få skjorta skikkeleg på plass.  Ikkje lenge etter fekk han telefon frå ei voldadame på land – stripping var ikkje tilrådeleg på ferja…

IMG_3816IMG_3795

På foto til venstre ser ein at det er god oversikt frå brua.  Diverre fører det til at innsynet også kan vere godt.  Til høgre matros Inger Marie Dalebø frå Åmelfoten i Volda.  Ho står her på rampa og kontrollerer - utan skjerm - at alt går bra når ferja legg til kai.