Hjørundfjordportalen er til for hjørundfjordingar i fjorden og som bur andre stader, og sjølvsagt alle andre som har interesse for det som skjer i Hjørundfjorden. Portalen skal vere til for brukarane, og vi ynskjer sterkt at så mange som mogleg skal leggje inn nyhende og artiklar, bilete i biletgalleriet, bruke aktivitetskalenderen osb.

Først litt om skilnaden på nyhende og artiklar. Mykje av svaret ligg i sjølve omgrepa, men berre for å poengtere litt: Nyhende-seksjonen skal vere for det som skjer i fjorden, stort og smått. Det kan vere barnehagen som oppdagar nye ting i nærområdet, eller at snøen er komen. Når ein skriv nyhendene skal det vere hundre prosent faktabasert. I nyhendeseksjonen er det ikkje rom for eigne meiningar. Det skal kort og godt vere ei skildring av det som skjer og har skjedd. Eit tips er å bruke spørjeord når ein byggjer ei nyhende-sak. Bruk spørjeorda Kva, Kven, Kvar, Når, Korleis og Kvifor. Gjerne i nemnde rekkjefølgje.

I artikkel-seksjonen opnar vi for dei meir personlege innlegga. Her er det lov å ha meiningar, men hugs at pressa sine reglar for ver varsam også gjeld Hjørundfjordportalen. Det vil seie at meiner ein noko, skal ein stå inne for det.

Brukarane av portalen har til no sjølve vore flinke til å skilje dette, slik at vi under artikkel-seksjonen har fått mange flotte turskildringar, spørjetevlingar, forteljingrar, etterlysingar osb.

Når det gjeld målbruken ser hjorundfjord.no helst at ein nyttar nynorsk. Vi er likevel ikkje verre på det at enn at dersom bokmål er målforma ein er vand med, så går det greitt. Når ein skriv nyhende og artiklar, skal det brukast normert språk. Det vil seie at SMS-språk og dialekt ikkje vert godteke. Det har samanheng med at språk handlar om kommunikasjon, og vi ynskjer å kommunisere med flest mogleg over heile landet. I kommentarane derimot, eller i gjesteboka, aksepterer vi dialektskriving, men ser likevel helst at ein brukar normert språk.

Og så noko som er veldig viktig: Ikkje ver redde for å skrive feil. Det gjer vi alle. På portalen er det ikkje noko skrivepoliti som kjem og refsar om rettskrivinga ikkje er hundre prosent.

Vi ser også at vi til no har vore heldige med å ha ein positiv tone på portalen. Det ynskjer vi skal halde fram, for portalen er ein lekk i bygdemobilsieringa i Hjørundfjorden, og då er positivtet, initiativ og framtidstru stikkorda. Difor er vi glade for at folk er opptekne av å kome med gode tips og innspel.

Mistyd rett: Vi tek også i mot negativ kritikk, men håper han er underbygt og har eit føremål om å endre til det betre.

Portalen skal vere ganske grei å finne fram i, og vi ser at talet på brukarar stadig aukar. Skal ein leggje inn stoff og bilete, er nøkkelen at ein registrerer seg.

Det har kome spørsmpl om vi skal halde kurs om bruken av portalen. Det er vi opne for, og tek gjerne i mot synspunkt i kommentarspaltene. Viss ikkje ein ynskjer å kommentere der, tek vi gjerne i mot e-post.

 

Helsing

Rune Sæbønes

Ein av dei som syslar litt med portalen.