- Vi ynskjer å vere flest mogleg, og strikkekafeen var samde om at vi tek denne kvelden saman, seier Karin Frøland i helselaget.

Ho ber dei som kjem på juleverkstaden om å ta med seg granbar til å lage dekorasjonar i.

- Vi får også besøk av Vivian Frøland frå Blomstersenteret. Ho har også tidlegare vore gjest ved juleverkstaden vår. Ho tek med seg julemateriell, gode råd og vil gje ei hjelpande hand under arbeidet vårt på verkstaden, fortel Frøland.

Ho håper det vert mange gode råd også frå dei andre deltakarane på juleverkstaden. På slike treff er det mange som har tips og råd å gje. 

Under verkstaden vert det ei utlodding av ein juledekorasjon, og inntektene vil gå til helselaget sitt arbeid.

- Vi serverer dessutan gløgg, kaffi og peparkaker, fortel Karin.