Siste sommar var det ei folkerik kulturvandring på Urke og tanken om eit nytt og større arrangement vart diskutert. Vi veit no at Hjørundfjord Sogelag planlegg ei kulturvandring på Stennes søndag, 19. august og vi ønskjer å gjere noko meir ut av ei samling denne helga. Vi ser ei god anledning til å koble våre planar med sogelaget si tilskiping slik at vi kan utvide helga med ei samling laurdag, 18. august. Vi har alt starta planleggingsarbeidet for HEIMKOME-HELGA og vi som er oppført under dette skrivet, utgjer ein komite som førebur tilstellinga.
Vi har valt å kalle tilstellinga for HEIMKOME-HELG og vi inviterer fastbuande, alle slektningane med røter frå Urkebygda, hyttefolk og andre som har interesse av å bli med på eit slikt arrangement.
Vi prøver å nå så mange som råd ved å sende dette skrivet til ei rekkje kontaktpersonar som har tilknytning til alle tuna, men vi må ha hjelp frå deg og til å rekke vidare til slektningane og andre interesserte.
Dette brevet er eit første varsel om Heimkome-helga. Vi sender det ut no før jul fordi vi veit at jula er ei tid då mange snakkar saman, skriv til kvarandre og møtest. Ta med denne invitasjonen til flest mulig! Så er det viktig at dei som er interesserte merkar av datoen i sin kalender og inkluderer ei Urke-helg i sine planar. Når det lid fram på våren, må vi prøve å få registrert kor mange som møter ved å ha ei påmeldingsordning. Dette trengst for å kunne planlegge evt. måltid.
Vi tar og sikte på å bruke portalen på internett: http://www.hjorundfjord.no/
Her kan vi orientere om programmet og korleis ein kan ordne med påmeldingsordning. Vi vil og bruke annonse i Sunnmørsposten for å gjere tilskipinga kjent for dei vi trur vi ikkje når gjennom dei kanalane vi har nemnt. Det vil vere fint om vi kunne få tilbakemelding om kven av dei aktuelle deltakarane som ikkje har tilgang til internett – desse kan vi prøve å nå på andre måtar.
Ramma synest å verte om lag slik:
- Frammøte ved grendahuset/skulen laurdag, kl. 13.00. Første tema vert skulebygga på Urke med orientering og evt. kort vandring. Vi er opne for å tilpasse detaljane. Program seinare.
- Ettermiddag/kveld på grendahuset: Kulturprogram/mat (fellesmåltid), musikk, m.m. Detaljar seinare.
- Søndag reknar vi med at dei fleste vil ta del i sogelaget si kulturvandring på Stennes. Komiteen vil og vurdere om det skal leggast ei vandring på Urke dersom sogelaget si kulturvandring får eit avgrensa omfang. Detaljane vert dermed fastlagt seinare.
- Avslutning tidleg ettermiddag søndag slik at tilreisande rekk heim.
Vi tek sikte på at tilskipinga ikkje skal koste noko for deltakarane anna enn det som kvar enkelt kjøper i form av mat og drikke. Overnatting overlet vi til privat initiativ og kreativitet. Dette gjeld og måltid utanom fellesmåltid på grendahuset. Vi vonar på å få ein sponsor som kan dekke noko av utgiftene til annonsering.
Vi ser på eit slikt arrangement som ein felles dugnad der vi saman skaper noko som kan vere hyggeleg for den einskilde og i tillegg vere positivt for bygda vi har tilknytning til.
VEL MØTT PÅ URKE TIL HEIMKOMEHELG 18. – 19. AUGUST 2007 !!!
Helsing frå komiteen:
Nelly Urke (70062087) Torbjørn Urke (70066957) Eldrid Øye (70062054)
Kjell Rønning (70257622) Jon Rønning (70062031) Per Urke (70141968)
Kommentarar