Heile gangvegstrekninga på elverampa frå Hustadbrua til busskuret på Rise, er no ferdigggrusa. No er det ingen fare for at ein skal snuble i stein eller røter når ein går denne turen frå Sæbø til Rise.

Her køyrer Knut J. Riise på det siste lasset med grus. Ansgar Kvistad i raud dress.
Som tidlegare nemnt her på hjorundfjord.no, vil ikkje snorklippinga for dette gangvegprosjektet i regi av Hjørundfjorden bygdemobilisering, skje før til våren. Likevel er no berre å gå i veg på den fine gangvegen.

Det har vore mykje nedbør i det siste, så eit busskur er ein fin stad å ete dugnadsmaten i.
Gangvegen (16.11.2006 kl. 16:26)
Eg gjekk i dag for fyrste gong den ferdig grusa
gangvegen langs elva. For meg på "gamle stier," så og seie.
Gangvegen, eller "rampa," var framifrå. Kjempeflott!
Denne strekninga er forøvrig sjølve "indrefileten" i Bondalselva. Med omsyn til fiske. I fiskesesongen vil no turgåarar, vere seg lokale eller utanbygds/turistar, oppleve "live," og på nært hald, sportsfiskaren sin kamp med laksen! I tillegg til sjølve turen.
Gangvegen vil verte populær og flittig brukt året rundt! Tenkt kor fantastisk det vil verte når vegen vert forlenga heilt fram til Kvistad bru!
Helge Strand
Bra Jobba! (13.11.2006 kl. 20:34)
Veien var kjempefin, blir kjempebra når den blir laga til heilt fram til Kvistadbrua. Denne blir nok brukt av mange framover.
Einaste som manglar no er nokon solcellelys langs kanten med veien, det hadde vorte veldig bra!
Synnøve Mo