Takv

Det var mange som kom til Bondalen grendehus for å høyre dikta til Marie Takvam. 

- Tilskipingar som denne har knapt vore prøvde her på huset før, seier Jarle Walseth i sogelaget. Vi var difor spente på førehand. Men dette gjekk over all forventning.

Terje Kjøde i Ørsta Mållag legg til at han hadde vona på 30 frammøte. Så kom det altså 70-80.

  

Gunhild og Marie

  

I sentrum for programmet stod Hjørundfjorden sin eigen store lyrikar Marie Takvam (80) og Gunhild Hovden Kvangarsnes (25) frå Volda. Gunhild og Elisabeth Vannebo har sett tone til fleire av Marie Takvam sine dikt. Gruppa Kvann med m.a. Gunhild og Elisabeth Vannebo har så laga CD med tittelen ”Eg vil møte deg” etter eit av Takvam sine dikt.

  

Publikum fekk høyre utdrag frå CDen under programmet, men mest tid brukte Gunhild på å lese dikt, og å fortelje om Marie Takvam, m.a. om det personlege møtet med henne for fire år sidan då Marie var 76 år. Dei gjorde då filmopptak med henne, og dette opptaket vart vist under programmet. Også her fekk publikum oppleve Marie Takvam slik vi kjenner henne frå forfattarskapen hennar, open, varm og ærleg.

   

For tretti-førte år sidan var det nok mange hjørundfjordingar som såg med skepsis på Marie Takvam og diktinga hennar. Det har endra seg. No er dei tydelegvis glade og stolte over at ein så fin forfattar har vakse opp mellom dei. Det har dei all grunn til, og Gunhild Hovden Kvangarsnes er nok ein av dei som har påskunda denne endringsprosessen.

  

Lokale skribentar

  

Men Marie Takvam er ikkje den einaste skriveføre personen som har vakse opp i Hjørundfjorden. Det fekk vi grundig dokumentert i programmet.

  

Ola Skylstad var frå nabogarden til Marie sin barndomsheim. Han gav i si tid ut samlinga Bergmål med mange fine dikt, og Lars Kristian Nordang presenterte han.

 Dei som ikkje lenger er heilt unge, hugsar sikkert Laura Frøland frå Kafè Videtjørn på Bondalseidet. Oddbjørg Tvergrov si opplesing viste at Laura Frøland også kunne skrive gode dikt  Helge Nordang var god venn med Johan Kvistad som døydde for om lag ti år sidan. Kvistad var ikkje berre ein særs kunnskapsrik og lærelysten mann heile livet. Han var også ein mangslungen rimsmed med både skjemt og alvor i dikta sine, og Helge Nordang framførte eit av dei.  Ingvald Viddal var i mange år ein omtykt lærar i Bondalen, og han døydde så altfor tidleg i 1954. Jarle Walseth fortalde om han, og gav prøver på noko av diktinga hans. 

Felles for alle lesarane var den respekten dei viste for forfattarane, og den pieteten som prega framføringa deira. Det var lett å merke at forfattarne har ein plass i hjarta deira.

  

Attersyn med Hjørundfjordfilmen

  

Eit høgdepunkt i programmet var attersynet med Hjørundfjordfilmen frå 1963. Filmen vart laga i 1963, året før Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta vart slegne saman til ein kommune. Sogelaget har sytt for at filmen no ligg føre i DVD-utgåve og dermed kan bli folkeeige i Hjørundfjorden.

Den kjende filmfotografen Mattis Mathisen var fotograf og regissør, og dåverande sokneprest Olav Ekeland og Anders Hustadnes var dei som dreiv fram prosjektet. Anders Hustadnes var til stades og fekk sjå den nye utgåva. Jarle Walseth takka Hustadnes for innsatsen med fine ord og ein flott blomebukett.

   

Tekstar om og av Marie Takvam ramma inne programmet. Terje Kjøde opna med å lese ”Vakre Marie” av Erling Lægreid, og Gunhild Hovden Kvangarsnes sette punktum med eit av Marie Takvam sine dikt.

hjorundfjord.no vil kome med bilete frå kvelden så snart som mogleg.