Fruene i Norangsdalen.
Heilt frå eg var nykonfirmert og tok så smått til å få interesse for jenter, la eg merke til kor fine jentene frå Norangsfjorden var.Det var mange av dei også. Men sjansen for å nå tak i dei var temmeleg håplaus. Og det var ikkje lenge før både ho Kirsti, ho Ingeborg, ho Perdy , og kva dei no heitte, var kapra.
Kor godt parti dei hadde vore, er vanskeleg å seie, men pene var dei i allefall.
Så gjekk no åra, og dei vart gløymde. For heldigvis fanst det dei som var landfaste og lettare å nå tak i.
Ein gong for nokre år sia, var eg på veg til eit skyttarstemne i Sunnylven. Då eg kom til Nobba, i Norangsdalen måtte eg stoppe eit nødvendig ærend og stilte meg på nedste vegkanten.Då fekk eg sjå nokre nydelege blomar nede ved elva. Ja, dei var mange, og vaks nesten ut av elvasteinane.Det vart til at eg klatra meg ned i tresko, og fann ut at det var bergfruer. Eg plukka med meg nokre heim att, og beundra dei i dagevis.
Etter at eg gjorde denne oppdaginga, stoppar eg alltid på veg til dette stemnet og ser til ”fruene mine”. Dei er like vakre kvart år, og eg får ha dei for meg sjølv.
I sommar var eg som vanleg på veg til stemnet i Hyttehola. Då hadde eg med fotoapparat og klatra meg ned og fekk teke nokre bilete av dei. Eit av dei brukar eg som skrivebordsbilete på pc en min. Dei er så nydelege å sjå på. Like fine som ho Kirsti, ho Ingeborg, ho Perdy, og kva dei no heitte, var for over 40 år sia.
Kommentarar
Veit du kva sjanger dette må vere? Jau,kanskje novelle!
Det har du kanskje sjølv hatt i tankane?
Du har utruleg gode evne som forteljar,både verbalt og skriftleg, det skal du ha! Dei evnene bør du bruke flittig, og skrive ned flest mogleg av hendingane du minnest frå før i tida. Ingenting er som romjulene når du, "tante" Ragna m.fl. mimrar frå tida på "gamle-Rise". Eg veit du har skrive ned nokre av hendingane, men vi vil ha fleire!!!