Frå Hjørundfjord er eit årsskrift som er utgjeve av Hjørundfjord sogelag og kjem ut i desember kvart år. Sogelaget ønskjer å fortelje om farne tider der forfedrane arbeidde både seint og tidleg for å skaffe det daglege brød. Odelsguten tok oftast garden, men fleire ungdomar ønskte å slå seg ned i Hjørundfjorden. Gardar vart delte mellom brør. Ofte strakk ikkje dyrkamarka og utslættene til – ein måtte skøyte på med andre inntekter. Nisjenæringar kunne verte løysinga. Det er mangt eit initiativrikt menneske kan bruke talentet sitt til.  

I førre årsskrift var småindustri hovudtema. Det vart også slått fast at ein langt frå rakk å få med alt stoffet. Heller ikkje med dette årsskriftet rekk ein å få med alt stoffet som fell innunder temaet.

Skriftstyret finn det også naturleg å ta med både gartneriverksemd og pelsdyroppdrett som viktige bi- og hovudnæringar kringom i fjorden. Kanskje det derfor denne gongen er rettare å bruke det noko vidare omgrepet anna næringsverksemd om hovudtemaet.  

Dette året er det mellom anna særleg fokusert på gartnerinæringa. Per Urke har lagt ned eit omfattande og grundig arbeid som viser korleis denne næringa oppstod og utvikla seg i Hjørundfjord. Dette året døydde ein av våre flittigaste og mest omtykte skribentar - Bjarne Viddal. Per Urke fullførte den artikkelen Bjarne hadde påbegynt om hagebruk og gartneri på Viddal. Leiv Øye Nordang har fortalt om pelsdyrpionerar frå Øyelandet og utviklinga som har vore i denne næringa.   

Elles vert det fortalt av fleire artikkelforfattarar om ulik småindustrielleverksemder på bygdene i Hjørundfjord, og breidda i aktiviteten har vore stor - bergverksdrift etter feltspat, isleveransar til fiskeflåten og utnytting av sandførekomstar fortel at mykje har vorte prøvd, men alt har vel heller ikkje lukkast. Mange i Hjørundfjord skaffa seg inntekter som fiskarar og fangstfolk ute på ”storhavet”. Det vart nok mangt eit tøft møte med vaksnesamfunnet for unggutar. Einar Saure fortel levande om livet som ”skårunge”.    

Den nytilsette bygdebokskrivaren, Gunnar Ellingsen, held fram med serien Hjørundfjord for hundre år sidan. Serien til Torbjørn Urke om kai-kulturen i Hjørundfjord har no kome rundt fjorden, og denne gongen er det anløp utan kai som får sin artikkel. Jonny Finnes fortel frå Finnes før kaia kom i 1950.

Elles finn vi mange gjengangarar mellom artikkelskribentane; som Jørgen Hustadnes med dagbok for 1956, Ole O. Viddal om kuføring i gamle dagar medan Ola Norang fortel om skyssløyve frå fogden krydra med noko språkprat. Denne artikkelen kan sjåast på som ei markering av 100-årsjubileet til Noregs Mållag. Variasjonen i stoffutvalet er viktig. Vi har denne gongen også fått med to forteljingar der dyr er i hovudrolla.  Jakob E. Øye fortel om plassehesten, medan Arnfinn Standal fortel om ein okse som ikkje var av det enklaste slaget. Like eins fortel Malfrid Hauge om ein Hjørundfjordklubb i Ørsta. 

Familiebilde til Holen framfor smia web bilde

     Familien til smed Olai Holen(t.v) samla framfor gamlesmia i 1953-54.

Det er mange bilete som fortel mykje om tider som var. Her vil eg oppmode fleire som sit med blinkskot som er mykjeseiande, å skrive ein kort historikk om biletet for komande årsskrift. Kvart årsskrift bør ha eit bilete med ei særskilt, gjerne tankevekkjande historie, slik biletet frå ei gravferd på Urke har.   

Akkurat no er det samtidshistoria som er aller viktigast for Hjørundfjord. Vi må snu utviklinga. I Hjørundfjord kan ein leve det gode liv!  

Det er nok å høyre litt på korleis turistar som kjem att år etter år opplever området.. Her er mogleg å leve eit aktivt friluftsliv med utruleg breidde i aktivitetar frå fjell til fjøre og vidare ut på ein fiskerik fjord. Ny optimisme og ein ny giv må til for å få fleire til å vende heim med nye tankar og nye nisjenæringar. 



Dette året har trass alt mykje hendt, og denne historikken, årsrevyen, er ført i pennen av journalist Rune Sæbønes i Møre-Nytt.  

Elles er korrekturarbeidet utført på vanleg måte. Kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv, og skriftstyret har alltid hatt sans for dialektnær uttrykksmåte.   

Det har vore tradisjon å gje hovudtema for neste årsskrift. Også denne gongen herskar det liten tvil – enno står det att mykje næringslivsstoff. Vi må arbeide vidare med same hovudtema som i dei to siste årsskrifta – anna næringsverksemd.Vi vil dermed oppmode dei som no sit inne med stoff eller bilete frå anna næringsverksemd i fjorden til å ta kontakt med skriftstyret.   

Så står det berre att å takke alle medarbeidarane som har skrive artiklar, illustrert, leitt fram bilete, undersøkt kjelder, skaffa opplysningar og vore med å legge alt stoffet  til rette for trykking. Neste år kan det vere du som finn tak i noko som kan vere av interesse for Frå Hjørundfjord.

 Seljarane av årsskriftet er også nøkkelpersonar i dette årlege dugnadsprosjektet. Elles er vi sjølvsagt takksame for alle kjøparane som er med å legge eit økonomisk fundament for komande skrifter.  

For skriftstyret, Jarle Walseth, redaktør