November kan vere så ymse, men sørausten siste dagane gjev som vanleg finever på Nordvestlandet. Det er berre ei lyst å vere på skogen. Og med denne utsikta er det lett gjort å verte sitjande å berre nyte synet.
Men dagane er korte. så allereide tidleg på ettermiddagen dimmest dagslyset, no når det berre er ein knapp månad til sola snur att.
Morgonfuglar (24.11.2006 kl. 19:31)
"Haua-Knut" eller "Larsa-Knut" som er mest morgonfugl ? Ser iallefall ut som det var du kjære nabo kom deg seinast i seng i går :)
Alf Ole Aarseth
Seint oppe? (24.11.2006 kl. 00:56)
Det som uroar meg er at Knut, morgonfugl som han er, har teke til å vere oppe lenge om kveldane. Er det smittsamt her på portalen?
Knut Hustad
Vedfyring (23.11.2006 kl. 23:01)
Slike knallforhold sender diverre straumprisen til vers også. Då er det godt å sjå at vi kan hente av naturressursane våre, og få både rimelegare, meir miljøvennleg og koselegare oppvarming av husa våre. Mykje fin bjørkaved der, Knut.
Rune Sæbønes