Den verkelege laksen. (09.11.06 kl. 20:28)
Så mykje skrive om "kopi-laksen."
Min første laks, før oppdrettsfisk var tema, minnast eg slik

(Litt heimesnikra "poesi.")

Eg minnast enno i dag.
Mitt første lakseslag.
Då var eg ganske liten
knapt slutt på bukseskiten.

Min eldre bror var "fiske-boss."
Eg slong med, "mest på tross."
For eg hadde berre strevet
med ansvar for hakke-grevet.

Makk måtte vi jo ha.
Om vi laksen skulle dra.
Var mi skjebne bestemt
som makkegravar temt?

Men på ein regnfull sumardag.
Eg fekk ein annan lakselagnad.
Bror måtte ha seg matpause
hans livs lakseflause.

No såg makkegravaren "sitt snitt,"
Tjuvlåne stonga "a little bit."
Med ein raud makk på krok
ikkje lenge før laksen tok.

Rett nedanfor brua det skjedde.
Det min bror var så redde.
No var eg av basillen fanga
min kjæraste ven vart fiskestanga.

Bror måtte no grave sin eigen makk.
Løna fordi han heimatt stakk.
Eg segla opp som laksekongen
kvar sumar stetta eg fisketrongen.

Moralen i desse vers må bli.
Har du ein makkegravar på si.
Så slepp han ikkje or syne`
laksebasillen kjem fortare enn lyne`!



Helge Strand
hp_scanDS_610122011441
Her ser vi storebror Rolf til venstre.  Olav Lyshagen til høgre.  Dei to gjer seg klare til ei ykt i Bondalselva for å ta stamlaks.