...

Rundt i kring er det skribla og kladda, og boka er full og vel så det. Ser eg nærare på ho, forstår eg at ho er heimelaga, - ark som er bretta og bundne saman med ein raud ulltråd og ein liten hampestump. Nokre av sidene er heile, andre er halve, klipt i stykker. At ei slik bok fins, så lenge etter!
Ein gut frå Stennes,der dei ikkje hadde veg og det var så og seie umogeleg å finne vatn, har skrive skolearbeidet sitt i ho for meir enn 120 år sidan. Eg lurer på kvar skolen var? I ei stove på Nordang, Urke eller kor ?
Guten heitte Bernt Britanus. Faren heitte Knut. Mora, ho Anne Ingeborg bakte særs gode “helledrivere” ( flate kaker utan gjær i deiga ). Bernt var eldste- guten. Småsøskenene var  Britanus Gustav, Anna Ingeborg, Jakob Edvard, Petrina Olina, Jakobine og Andrine.
På denne tida fekk han ein liten bror som døydde. Han heitte Martinus. Året etter fekk han ein ny bror - ein ny Martinus.
Innimellom steinane og i fjellrevnene vaks det saftig ,irrgrønt gras. Utafor den lille stova stod svarthyllen. Høgt over dei ovbratte fjellveggane såg dei villfuglane. Om dei ville vekk frå Stennes, måtte dei ro eller segle. Norangsfjorden var eit spiskammer fullt av  livbergande fisk.
Bernt Britanus K. Stennes/ Stejnnæs /Stennes. Den blå  stileboka di med tjafsete, rustraude kantar har tråder i margen frå fjerne tider. Eg voner at skrivearbeidet ditt frå ungdomstida i Hjørundfjorden kan gjere livet på 1880-tallet litt levande for oss som les det  i 2006.