Lan starta kl 1600 i dag, i byrjinga var det fullt kaos. Det var utruleg mange faguttrykk som var temmeleg uforståande for litt " eldre" folk på over tjue.Etterkvart var maskiner og kablar i drift, og ting roa seg.

Her er det full konsentrasjon om datamaskinene ( foto:jakob m)
Dei fleste skal være her heilt til 1600 i morgon, dei som vil kan gjerne kome ein tur innom etter frukosten i morgon
Mikkel Riise er ein av dei ivrigaste deltakarane
Vi kjem kanskje med meir oppdatering etter kvart.
Skal helse alle foreldre og seie at alt går bra med barna;)
Haust/vinterferie (29.11.2006 kl. 11:41)
Andre stadar som har hatt dataparty har vel som oftast arrangert dette i samband med haust- eller vinterferie. Då er det mogleg å halde på t.d to døgn utan at det går ut over skulegong. Eit flott tiltak, forresten.
Kjell-Johan Aarseth
hmmm (28.11.2006 kl. 21:40)
Eg tok vel feil der Martin. Når eg tenker meg om, så var nok du ein av dei ivrigaste:) Og når eg tenker meg enda meir om høyrde eg noke om ein som hadde sove så tungt at han ikkje merka at madrassa fauk av seg sjøl til ein annan del av huset.......
Data-party vert det nok fleire av, det er sikkert, men eg er litt i tvil om dokke er i stand til 2 døgn og likevel møte på skule mandag;)
Unn Frøland
Det var lurt av Mikkel (28.11.2006 kl. 21:09)
Hei Martin,det er ikkje dumt å få seg ein lur. Og greier ein å ta seg ein liten lur utan nokon merkar det er det skikkeleg lurt..
Ivar Svein Mo
ikkje heilt sant. (28.11.2006 kl. 20:14)
Mikkel var ikkje eigentlig den ivrigaste av alle....
Han sov lengre en dei fleste....
Martin Årseth Dimmen
Siste komm. frå meg var jakob (25.11.2006 kl. 09:07)
gløymde å logge meg av...
Unn Frøland
Dataparty (25.11.2006 kl. 00:11)
EJ å truls eige
Litt thomas;)
Unn Frøland
Flest gutar (24.11.2006 kl. 23:19)
Gutane dominerer nok partyet overlegent, men det var kjekt at ein gjeng jenter også kom, og nokre hadde også med pc. Dette vil nok bli gjentatt om ungdomane er like kjekke som dei har vore til no:)
Forøvrig vil eg nemne at Kåre Molvær og Rune Mo gjer ein stor innsats!!!
Unn Frøland
Glimrande (24.11.2006 kl. 23:10)
Dette er eit glimrande tiltak. Så ser eg at det ikkje berre er ein guteting heller. Av bileta går det fram at fleire jenter er med.
Rune Sæbønes