DSCN1458

Christian Gaard har opplevd ein flott sesong.

 

- Den nye hamna har gjeve mulegheit til at fleire får leggje til med båt, og Vårherre gav oss ein fantastisk sommar, fortel Storeide til Møre-Nytt i dag (laurdag). 

Sesongen er ikkje over på Trandal. Både i dag og laurdag om ei veke er det julebord på Trandal. Etter det er Storeide litt meir usikker. Det kamn vere nøkkelen i døra for ei stund, men ynskjer folk å leige lokale, opnar eg opp, seier han. 

Storeide gler seg over den auka båttrafikken på Hjørundfjorden i år. Fleire gjester har kome med charterbåtar, noko statistikken til CruiseService stadfestar. Trandal og Christian Gaard er det mest populære reisemålet for charterbåtar. 

- Eg trur dette berre er såkornet som så vidt har byrja å spire. No trur og håper eg på enno meir reiselivsutvikling i fjorden. Vi ser at det vert satsa på Standal, og eg håper dei får det til der, seier Storeide.