terjecorneryeahhh

Skiglede på Bondalseiedet, eit av landets ti beste skianlegg. (Foto: Terje Stokke)

 

Det er i magasinet "Fri flyt" Ørsta Skisenter har fått heideren. Bak kåringa står Eivind Eidslott frå Ålesund. Han brukte heile fjorårsvinteren til å reise rundt på mest alle skianlegga i Noreg. No har han konkludert i Fri Flyt.

Dei beste anlegga er Bondalseidet, Strandafjellet, Hafjell, Trysil, Hemsedal, Røldal, Narvik, Oppdal, Geilo og Voss. Eidslott rangerer ikkje mellom desse ti, så det er delt førsteplass for Bondalseidet.

Eidslott, som har vore redaktør av Fri Flyt, og som no er redaktør for Dagbladet Søndag, vedgår gjerne at folk må sjå det som ei bombe at Ørsta Skisenter og Bondalseidet er med på lista, og han forklarar kvifor:

- Bondalseidet manglar det meste av det dei store destinasjoanne kan by på. Men Bondalseidet slår knallhardt tilbake med eventyrleg terreng og heilt rå offpist. Hvis du i tillegg orkar å gå litt frå toppen av den øvste t-kroken, får du backcountry-opplevingar som lett kan samanliknast med anlegg i Alpane. Eg kjenner heller ikkje til andre skianlegg som gjev store rabattar på femdagarskort i påska, seier Eidslott i intervju med Fri Flyt.

I sjølve grunngjevinga brukar Eidslott desse orda: "Ein fenomenal outsider: Kvifor i alle dagar er Bondalseidet med på lista over Noreg sine ti beste skianlegg? Og kvar i all verda ligg Bondalseidet? Er det heile berre ein dårleg spøk? Nei, det er det ikkje. Bondalseidet ligg i Ørsta kommune, og fortener plassen på denne lista. Dette vesle anlegget i hjartet av Sunnmørsalpane byr på førsteklasses offpiste - og er utgangspunktet for fleire lett tilgjengelege toppturar og uforgløymelege nedkøyringar med over tusen fallhøgdemeter. Bondalseidet er også det mest sjarmerande av alle desse ti anlegga, med ein atmosfære som berre ukjende, lokale anlegg kan varte opp med. I tillegg tek eigarane borna på alvor, og har nettopp bygt eit heilt nytt barnetrekk. Når prisane attpåtil er svært låge, og omgjvenadane består av spektakulære sunnmørsfjell, let eg Bondalseidet vere den fremste representanten for alle dei små, ukjende skidestinasjonane i landet vårt."

Dette er vel det ein kan kalle god reklame for Hjørundfjorden og Ørsta.