Hjørundfjordportalen ankom grendahuset i 12tida laurdag foremiddag og visste på forehand at her skulle være ein del aktivitet. I gangen møtte eg tre mann som dreiv vedlikehald av huset. Huset har hatt ein lekkasjeskade lenge, så styret i grendahuset har teke oppdraget med å reperarere huset sjølve. Karane har gjordt ein stor innsats her, som vil stoppe videre skade på huset. Det er gjordt reperasjon på utvendig tak, og invendig tak er nedteke og skifta all takisolasjon.Dugnad-grendahuset-II
Hallvar Mo, Kenneth Myrhol og Rune Mo vart hefta i arbeidet når hjørundfjordportalen kom.

 Dugnad-grendahuset
All takisolasjon er skifta i garderobe og vestibyle. 

 

Det som no står att er å få gipsplatene på plass å legge på takplater utan på, som er ferdig måla, så ikkje her verte målingslukt til julefesten.Det er søkt og fått innvilga økonomisk støtte frå Ørsta kommune. Velvilja frå kommuna vil være til god hjelp for den hardt pressa økonomien til grendahuset.Dette er eit tidkrevande arbeid og karane tek gjerne imot hjelp av fleire frivillige.

Nei det går ikkje ann å hefte arbeidsfolk som har avsett frilaurdagen sin til dette viktige arbeidet, så eg letta på døra til storesalen for å sjå om her var noko aktivitet. Medan eg stod i gangen høyrde eg ikkje ein lyd, så eg trudde at anten var ungdommane sovna eller så hadde pakka saman og reist heim for å finne senga etter ei lang våkenatt.

Dataparty II på Grendahuset 25.11.06

Ein god gjeng var att. Unn Frøland  som sit bort med trappa var godt fornøgd, og etterkvart som timane gjekk vart dei snillare og snillare. Skal tru om dei merka mangelen på nattesøvn?

 Dataparty I på Grendahuset 25.11.06

Frå v.Thomas Straume, Peder Hauge Moe, Petter Årseth, Martin Luan Håndlykken og bak Emilie Skår Ville. Nei, hjorundfjord.no  vil på ingen måte provosere med å antyde at dei er trøytte.

Unn Frøland som hadde vakta no på føremiddag vil berre rose deltakarane og Kåre Molvær som hadde vore vakt mesteparten av natta, for ein eksemplarisk oppførsel på alle, og dette må vi fortsette med dersom ungdommane vil sjølve. Det er flotte moglegheiter på grendahuset no når der er breiband som alle kan nytte. Enkelte hadde ikkje maskiner som var utstyrte med nettverkskort så då var det godt og ha kvalifisert hjelp i nærheita, ved å kontakte Rune Mo. Behovet for skøyteledningar var litt undervurdert, så her måtte dei på bygda for å låne. 

Unn seier det at heile fortjeneste som kjem inn på arrangegementet, skal brukast til å kjøpe inn det nødvendige utstyr så alle kan verte hjelpte neste gong. 

No er det store spørsmålet som ungdommane (12-18 år) sjølv må svare på, om dei er nøgde med berre eit døgn då?

Neste gong kan det vurderast to døgn dersom det er ynskje for det, seier Unn. Dersom det vert to døgn skal i allefall hjorundfjord.no sine lesarar få bilete frå dei siste timane av ungdommane.

Etter det vi godt voksne kan forstå så er dette eit flott tiltak av ungdomslaget og vil rose dei ansvarlege.

Kva som foregikk på maskinene hadde vi ikkje mot til å prøve oss på å forstå. Dei skal visst spele mot kvarandre, men kva? Nei her må ekspertene kom på portalen og forklare sjølve. Her må ungdommane hugse på at det er same krava til informasjon til oss voksne, som vi skal gje til dei, for å ha forståelse for kvarandre sine interesse.

Vi ventar på ein rapport frå datapartyet, etter at dei nødvendige timane med søvn er igjenoppretta..