Sau.

Vidareforedling av mat, og der høyrer sauer med i desse fårikål-tider, er tema på møtet på Rekkedal gjestehus 17. oktober.

Møtet er ope for alle. Det vert først ein seksvens der vertskapet på Rekkedal Gjestehus, Margrethe og Bjarne Rekkedal, har ei omvising og fortel om drifta på gjestehuset. Der etter vert det servert kveldsmat. 

Den faglege delen startar kl.19.30, og senior bedriftsrådgjevar Hilmar Kleppe frå Triangel vil orientere om det å starte og drive verksemd med vidarefordeling av mat. Kleppe er ein kapasitet som vil ha mykje å bidra med anten du er i ein tenkjefase, etableringsfase eller har drive med vidareforedling nokre år. 

Det er valfritt oppmøtetidspunkt. Folk som vil ta fjøsstellet før møtet, kan gjere det, og kome til den faglege delen kl.19.30.  

Under er programmet. 

Kl 17.30 -18.30         

Omvising på Rekkedal Gjestehus og orientering om drifta ved Margrethe og Bjarne Rekkedal.  (www.rekkedalgjestehus.no) Kl 18.30 – 19.30        Servering av mat og registrering/betaling. 

Sidan fleire av møtedeltakarane kanskje allereie har vore på omvising på Rekkedal gjestehus, legg vi den programposten inn først. Dette er eit kveldsmøte, så tida er knapp.  Kveldsmaten er difor lagt inn før møtet. 

 

Kl 19.30                    

Mobiliseringmøte mat

  

Kl 19.30 – 21.00        

Økonomiske vurderingar ved oppstart av lokal vidareforedling av mat ved Hilmar Kleppe, Senior Bedriftsrådgjevar i Triangel.                                   

Økonomiske vurderingar ved:

·         Eiga utbygging eller leige av lokale

·         Eiga vidareforedling eller leige av produksjon

·         Innkjøp av utstyr, råvarer, emballasje

·         Prising av vare

·         Distribusjon og sal

   

Kl 21.00-21.30          

Andre faktorar ved oppstart av bedrift.Situasjonen for matsatsinga i Møre og Romsdal . Orientering ved prosjektleiar Solveig Brøste Sletta.

Kl 21.30                    

Møteslutt. 

Deltakaravgift kr 250 for første person i eit føretak.  Kr 100 for dei resterande.Påmelding innan 14. oktober til Ørsta kommune tlf 700 49610, eller e-post liv-bente.viddal@orsta.kommune.no