NVE har oversendt utgreiingsprogram til Statnett om konsekvensutgreiingar for ei 250-300 kilometer lang 420 kV kraftoverføring fra Fardal transformatorstasjon i Sogndal kommune til Ørskog transformatorstasjon i Ørskog kommune.
Utgreiingsprogrammet er ei arbeidsbeskriving som stiller krav til kva Statnett må greie ut før dei kan søke om konsesjon for linja. Utgreiingsprogrmmet er utarbeidd på grunnlag av det føreslegne utgreiingsprogrammet frå Statnett, innkomne merknader, møter, befaringar og NVE sine eigne vurderingar.
Kraftlinja råkar Sogndal, Leikanger, Balestrand, Høyanger, Gaular, Førde, Jølster, Gloppen, Naustdal, Flora, Bremanger, Eid, Stryn og Hornindal kommuner i Sogn og Fjordane og Volda, Ørsta, Sykkylven, Stranda, Stordal og Ørskog kommuner i Møre og Romsdal.
NVE har allereide no oppmoda Statnett om å ta bort 10 deltraséar som vart lagde fram i meldinga. Statnett hevdar hovudårsaka for dette er at det openbert finst betre traséalternativ på same strekning.
Det er i høyringsprosessen kome inn ynskjer om at Statnett ser på trasejusteringar og alternative traséar i fleire område. Dei 3 heilt nye traseane er: alternativ trase i Gaular kommune som kryssar Viksdalsvatnet, kombinasjonsløysing på strekninga Naustdal-Straumsbotn (Gloppen kommune), alternativ trase frå Sunnylven-Emdal (Stranda kommune). I tillegg ber NVE om at ei rekkje mindre justeringar av traséane blir greia ut, slik at NVE og råka instansar kan vurdere konsekvensane av dei ulike løysingane.
Sjå utgreiingsprogrammet og bakgrunnsnotatet med oversikt over nye traséar og traséar som no blir oppmoda teke bort.
Nokre spesielle utdrag av vurderingarane som NVE har lagt til grunn:
· NVE krev kort utgreiing av sjø-/jordkabel. NVE finn det urimeleg at Statnett skal greie ut fleire moglege kabeltrasear fullt ut på same detaljnivå som for luftlinje, når omsyn er teke til den gjeldande policy (St. prop. Nr. 19 (2000-2001: 300/420 kV kabel er kun aktuelt i heilt spesielle unntakstilfeller med særskilt sterke miljøomsyn.) NVE hevdar at konsekvensutgreiingane vil vise kva verdiar som blir råka av ei luftlinje, og at dei basert på dette kan pålegge Statnett tilleggsutgreiing av kabelløysingar på eit seinare tidspunkt.
· Konsekvensar for turisme og reiseliv skal utredast spesielt, også moglege økonomiske verknader. Områder som er naturleg å beskrive under eit felles område skal omtalast under eit, som til dømes Sunnmørsalpane, Fosseheimen m .fl. Desse vurderingane skal byggje på informasjon innhenta hjå lokale, regionale og sentrale organisasjonar, samt turist- og reiselivsnæringa. Verdsarvområdet skal tilsvarande utgreiast spesielt under område som er verna og korleis dette påverkar verneføremålet.
· Fleire delutgreiingar skal sjåast i samanheng.
· Miljøkonsekvensane skal ikkje talfestast. NVE vurderar kostnadene med gjennomføring av slike konskvensar som større enn nytta. NVE meiner det vil vere ei betre tilnærming å fokusere på kva direkte og indirekte verknader som vil kunne oppstå for samfunnet ved å etablere ei kraftlinje.
· NVE vil ikkje pålegge Statnett å lage animasjon for å visualisere trasear, trass i at dei er einige i at dette kan vere eit informativt og illustrerande verkty. Dette skuldast i hovudsak kostnaden med å lage animasjon. NVE opnar for at Statnett sjølve kan vurdere om dei vil nytte animasjon på enkelte områder.
· Statnett skal seie noko om konsekvensane for eksisterande kraftnett og eventuelle behov for den planlagde linja dersom gasskraftverk i Midt-Noreg blir realisert.
· Statnett skal kort skildre dei vurderingar og prinsipp som ligg til grunn når erstatning for verdireduksjonar og andre permanente ulemper blir bereikna. Statnett skal også gjere greie for kva som er ei normal prosedyre oreigning og eventuell erstatning for areal, t.d. dyrka mark og skog.
· Statnett er ansvarleg for at dei utgreiingane som blir pålagde gjennom utgreiingsprogrammet er gode nok. Statnett må leige inn ekstern kompetanse der dei har behov for dette.
Kommentarar