Jaktlaget har nettopp kome tilbake med fangst, og dei har skote feil dyr. Han Bjarne er jaktleiar, og han er ikkje akkurat i godlag. Han seier si hjartans meining om kva han synest om tabben som har vorte gjort. Ingen av dei som står der vågar å sjå opp. Brått er han ferdig med preika, men like alvorleg går han fram og gratulerer han som har gjort tabben, fordi dette var det første dyret han hadde felt.
Å seie meining si og verte ferdig med det, var typisk Bjarne.. Det var aldri tvil om kvar ein hadde han. Han var ein mann med mange vener.
Bjarne kom til Bondalen frå Nordreisa. Han og Ruth bygde seg hus på Villane, på Ruth sin heimstad i 1977, og det var ikkje lenge før vi visste kven han var. Han møtte alle med ope sinn, og med eit glimt i auget, og fann straks tonen med dei fleste.
Hans store lidenskap var friluftsliv, fiske, jakt og fangst. Han var ein skikkeleg naturnytar, og dette brukte han mykje av fritida si til. Det var likevel hundemannen Bjarne som vart mest kjend i distriktet På sporet etter skadde dyr var han og hunden dei beste. Det viser også den store premiesamlinga han har vunne på sportevlingar gjennom mange år.
Det er mange jegerar som har fått røynt kondisen sin i hælane på han Bjarne og hunden i søk etter skadde dyr. Dei fleste måtte gi tapt om søket gjekk langt. I tillegg hadde han ein uvanleg sans til å orientere, og kjenne seg att i terrenget. Det var ikkje rart at med ein god hund var han uslåeleg på sporet.
For akkurat eit år sidan fekk han vite at han var alvorleg sjuk. Prognosane viste seg nokså fort å vere dårlege. Men det var mange som håpa i lag med han. Og det var mange som var innom eller på andre måtar viste at dei brydde seg om han. Dette sette han stor pris på, og gav uttrykk for det.
8. juni døydde han heime på Villane, slik han sjølv ynskte det. Han vart 54 år gammal.
13. juni vart han gravlagd frå ei nesten fullsett Hjørundfjord kyrkje. Det vart ei fin stund, med mange helsingar og blomar frå familie og vener. Eg har knapt høyrdt nokon fått ein slik attest som den han Bjarne fekk frå Elling Dybdal i Tussa kraft, der han Bjarne var tilsett. Var det eit oppdrag som dei ville ha fort og skikkeleg gjort, så sende dei han Bjarne. Det vart også slikt godt humør der Bjarne var, sa han mellom anna.
Tankane våre går til Ruth og dei næraste heime på Villane. Vi tenkjer også på mora hans, som var med på å gravlegge den femte av dei 8 borna sine.
Kommentarar
Eg var i Sletta, kanskje for 50.gong. Bjarne for 1. gong. Då vi skulle ta den attgrodde råsa nedatt frå Sletta, vart eg i litt i tvil om vi var på rett stad. Då sa Bjarne:" Vi gikk rett forbi den steinen der da vi kom opp,så vi er nok på rett sted".
Steinen var ikkje særleg ulik dei andre.Eg forstod kvifor han var betre enn andre til å orientere seg i marka!
Han vart presentert for meg, og eg minnast enno det faste blikket og den faste neven.
"Du er Helge, Bjarne her!" Rett på sak, som Bjarne var.
Vi prata laks og elv, og fann med ein gong tonen!
Sidan var Bjarne den eg støtta meg til i framre del av Bondalselva.
Han tok skjelprøver for meg,var alltid i første rekkje når vi tok stamlaks. Aldri var det nei i hans munn. Alltid var han å stole på! Han var dessutan ein framifrå fiskar i elva!
I ei 3 års periode på slutten av 90-talet skulle grunneigarane sjølve rapportere inn fangstane. Eg skulle samordne dei.
2 grunneigarlag gjorde dette.
Bjarne representerte eitt av dei....
Bjarne var ein heidersmann!
Han va en gode pappa og bestefar:)
Ej vakje store jentongen første gong ej va me pappa ned til elva å skulle fiske laks,Pappa han jekk å ej prøvde so gått ej kunne å fylle etter dei longe stega hass,sliten va ej men stor fornøgd før ej fikk være me.
Han va heldivis veldi flinke å lære frå sej de han kunne om å fikse ting både ute å innendørs.Me hadde de enkelt,va de nåke me måtte ha reparert so va de å springe opp trappa å rope `pappa`trenge hjelp!so kåm han å ordna de so fort han kunne.Me lærte heldivis litt av han so me ikkje e helt fjerne når de dukka opp ting som må repareast:)
Då de bejynde å lide ut på våren bejyndte pappa å bli veldi sjuk ,han spørte mej om ej ikkje ville bejynde på jegerkurs å ta jegerprøva,de sa ej ja til og fikk de største smile ej nåken gong he sett trudde ej...!han meldte mej på å kurse de starta,då me va kåmne til at me skulle lære litt om våpen va pappa bejyndt å bli svak,so han fikk Oddvin til å hjelpe mej vidare nåke ej satt/sette endå stor pris på.Me avtalte at me skulle få kåme opp i Solidalen so ej skulle få prøve å skjyte,dagen kåm å pappa låg rett ut å hadde smerte,ga beskjed til mej at ej skulle fare bort åleine sida ej fikk sjangsen til skjyte.I de ej ropa ..no fær ej, kjeme de et sabla rop,`Veeent`eg skal bli med!då hadde han stabla sej opp å meinte på at ditta skulle han ikkje gå glipp av.
Ej va i stor tvil om han hadde helse nåkk til å være me opp,men sta so han va jekk de ikkje an å nekte han de når han ha allereide bestemt sej.
Ej ha aldri tatt i et våpen før ej kåm opp i S.dalen,men alle skudda ej fyrte av jekk i hjortens hjerte..veit ikkje kor de jekk til,sikkert mykje flaks.Men då kåm de største Smile ej nåken gong he sett å ei tåre trilla frå kvart vår aue.
Ej grudde mej veldi til jergerprøva pgr.av mine lese å skrive vanska..søndagen før han døde sa han til mej at ej skulle ikkje være redd,før ditta skulle gå so bra han skulle hjelpe.Jegerprøva blei bestått den 7/7-06 me Null feil:) tårene trilla ned på kjinne før ej va so glade for at ej besto me glans å før at ej ikkje fikk sakt at ej klarte de til han på den måten ej helst kunne ha tenkt mej.
De va godt å sjå at de va so mykje folk i kyrkja,de varma utruli mykje!
Han kjeme alltid til å ha en varm plass i mitt hjerte :)
Han onkel Bjarne kommer bestandi tell å vær i mine tanka..samme som ho Monika skriv..de sommeran vi va i reisa..å hadde muligheit te å vær dær samtidi som dåkker..så bei æ så gla..før han spøka bestandi så masse me mæ..men på en anna måte enn han onkel Helge..så brukte han å mobb mæ før småkjærestan mine..nåkka som han synst va arti. Så brukte æ å ho Ingill å spæll fotball på volln utfør ho bæstemor..va litt spennanes..før d va ikkje alt æ skjønte som ho sa..men ætter nån daga gikk det bedre..
Ho tante Ruth va bestandi så snill å go..å huska æ brukte å tænk at æ ville bo sånn som di bodde..før da kunne æ ha hund,hæst,sau å geiter som æ bestandi har drømt om..å vær sånn som ho..før ho va bestandi å så rolig..å smilte..
Når æ fikk vette at han onkel va sjuk..så va d nåkka som stoppa opp i mæ..å som vi har lurt på længe..så måtte æ spør mæ sjøl..ka blir det næste..har vi ikkje opplevd nok ondt nu..tænkte me en gang på ho tante Ruth, Ingvill å ho Hege..å ville ikkje at di sku opplev det samme som mæ..tænkte mæst på ho tante Ruth..før æ kommer aldri tell å gløm kor tongt ho hadde før å reis heim fra Nordreisa sommarn før ho mamma døde..ho hadde d skikkeli ont da..så æ ville ikkje at ho sku få opplev det..men desverre så blei d sånn..
men må sei d samme som ho Monika..han slapp heldigvis å ha det så ont længe..å æ trur han e me oss over alt..fleire ganga når æ driv å går blod sporan mine dær æ tænk på kor nysgjerri æ va på ka han onkel dreiv på me..koffør han for me blodposa rundt om..å nu gjør æ det samme sjøl..kan jo bære håp æ får like mange medalja som han onkel..fådd en tell nu..
ufatteli tongt å møst dæ onkel..ikkje gådd opp før mæ før nu kor stor plass du hadde i hjærte mitt..å huska at æ bestandi så opp tell dæ..sæll om du kun kjæfte litt..å bannes litt..å prat utruuuli fort tell tider..
ska avslutt me nåkka som ho mamma lærte mæ..d e ei meining me alt Beate..du må bære vær stærk..
Eg hadde tenkt å skrive ned nokre ord til begravelsen til pappa, men eg klarte det ikkje så derfor skrive eg dette no.
Vi savner deg fælt pappa, svigerfar og bestefar, det går ikkje en dag uten at vi tenker på deg og snakker om deg. Mang en gong har eg tenkt. Det må eg spørre pappa om, men så husker eg at det går jo ikkje lenger og tristheita kjem smygande på. Det er ikkje berre å rope på pappa lengre når ting må reparerast lengre.
Du og Aanon jobba så godt i lag. Ei episode frå då vi bygde huset vårt, du og Aanon skulle legge golvbelegg på loftet i vanvare klarte du å trakke deg utfor trappe holet og fall ned.
Aanon stod stiv av skrekk og venta på smellet, men du var sterk og hadde tatt tak i golvbelegget og svinga deg inn i første etasje.Du tok stigen og klatra opp igjen og jobba vidare som om ingenting hadde skjedd. Men du var så lei deg fordi du hadde reve 2 cm av golvbelegget.
Men det var ikkje det vi brydde oss om, det einaste som betydde noke var at det hadde gått bra med deg, for i kjellaren stod den en stor tørke ovn og hadde du falle på den, kenn veit om du hadde overlevd det.….Det gjekk i alle fall bra.
Du var alltid så glad i friluftsliv, fiske og jakt. På tidlig åttitalet begynte du med blodspor.
Huskar godt frå første søka vi hadde med Scott som kvalp, vafler under teppa. Koselige minner.
Gå etter skade skotne hjortar var ei av hjerte sakene dine, fann du ikkje den skadde hjorten leid du med dei og du kunne gå fleire dagar på rad, du ville ikkje gi opp.
Men frå skade skotne hjortar til eit av det sterkaste minnet eg har, der det berre var du og eg, er om då Heikki den 2 hunden vår hadde blitt gammal og skulle avlivast. Då hadde du lite lyst å reise bort aleine så eg bestemte meg for at det skulle du sleppe.
Å sitte der sammen med deg å sjå Heikki stille sovne inn var så sterkt, då gret vi begge to.
Eit anna minne er frå den dagen eg fortalte deg at du skulle bli bestefar for første gong, du var så stolt at du ikkje klarte å la være å sladre. Du som aldri sladra. Mobba deg litt for det i ettertid. Du var så stolt då Emil kom til verda, men etter det har du enda fått 4 barnebarn til. Desverre fikk du aldri oppleve vesle Marius Bjarne. Men du var den aller første som fikk vite det at eg skulle ha baby igjen. Du kosa deg stort over at mamma ikkje hadde fått vite det eingong, det var vår hemmeligheit.
Emil og Daniel savnar deg så inderlig, dokke hadde så store planer for framtida. Du skulle lære dei å fiske osv. Desverre vart det ikkje sånn.
Du begynte å skrante i mai 2005, men sa ingenting til oss. Men under slåtten i juni fikk vi vite det at du hadde forferdelige smerter. Aanon fekk deg dagen etter inn bakveien på sjukehuset og vi fekk sjokk meldinga over at du hadde bukspyttkjertel kreft med null sjangs å overleve.
Då gret me alle sammen, hadde vi hatt 10 millionar hadde vi gladelig betalt det for å få deg frisk igjen. Men det hadde ikkje hjelpt. Du hadde trekt feil lodd denne gongen.
Det vart eit spesielt år, du vart veldig sjuk før jul og vi trudde ikkje du kom til å overleve, men du kom deg over kneika, tøff som du var.
Du var til og med på elg og reinsjakt på hausten, du hadde gode kameratar som passa godt på deg slik at du fekk reise. Me satt nervøse heime, redd for at du ikkje kom heim i live, med det gjorde du og stolte var vi alle, spesielt du.
Vi gjekk heile våren og var redd for deg, men i april blomstra du opp og vandra rundt ute og inne. Lite tenkte vi på at det var den oppblomstringa en høyrer om når folk er døds sjuke.
Frå mai gjekk det raskt nedover med deg, du vart tynnare og svakare og til slutt fekk vi vite at det ikkje var meir å gjere for deg på sjukehuset. Du likte deg ikkje der, men skraut av alle som jobba der.
No ville du heim og døy i fred.
Eldste jenta di kom også frå Oslo. Sviger sonane dine fekk seg sjukmeldingar så du var aldri aleine. Det var alltid ein eller to som satt inne hos deg.
Vi fekk framskynda ulrtalyd så vi fikk fortalt deg at vi venta en liten Marius og at alt såg bra ut. Det var noko av det siste du fekk med deg før du gleid bort frå oss og fall i koma.
Vi delte på å sitte nattevakter, men siste natta fekk vi hjelp av vår gode venn Mari- Anne som passa på deg.
Torsdags morgonen 8. juni visste vi at tida di var ute. Alle sammen var rundt deg og vi tok farvell med deg. Då mamma sa hade til deg trilla det ei tåre ned frå kinnet ditt og du slapp taket og vi satt enisame igjen. Etter at du vart henta leita dei to minste barnebarna etter deg på rommet ditt. Malin og Ida Kristine sa opp igjen og opp igjen bestefar borte.. Håpa at du låg der kvar gong dei åpna døra, like skuffa kvar gong senga var tom.
Begravelsen var nydelig, det var så mange som kom og tok farvel med deg. Det var eit blomsterhav både i kirka og heime. Du var en kjær mann for så mange og det var godt å sjå at så mange møtte opp..
Kjære kjære Pappa ej savna dej slik.Vi var like sta vi to, når vi krangla lurte du ofte på kvar staheita mi kom frå Då måtte ej berre smile for det visste me begge to.
Emil, Daniel, Ida Kristine og Malin savnar deg slik, snakkar om deg daglig og ofte ser vi på bilde av deg. Du har hedersplassen på kjøleskapet. Du og gutane med fiskestanga og den eine laksen du fikk etter at du vart sjuk.
Du kjem alltid til å bli savna, du var så kjær for oss alle. 54 år var ingen alder, trudde vi skulle få så mange fleire år i lag, sånn vart det ikkje.
Håper du er på ein fin plass og passer på oss.
Som ein av jakt kameratane dine sa til meg : Eg føler han sitt på andre sida og jaktar og følger med på meg.
Kvil i fred kjære Pappa, Svigerfar og Bestefar. Du blir aldri gløymd, du har en stor plass i hjertet vårt, en plass som akkurat no er eit åpent sår, men det legast kanskje litt etter litt.
Men skulle så gjerne ønska at du hadde fått sett vesle Marius, vi bestemte oss for å kalle han opp etter deg. Håper du er stolt.
På gravsteinen din er det en hjort, det trur eg du hadde likt godt, og me prøver alltid å holde eit lys tent på grava til minne om deg.
Glad i dej pappa.
Klem frå Hege