Jaktlaget har nettopp kome tilbake med fangst, og dei har skote feil dyr. Han Bjarne er jaktleiar, og han er ikkje akkurat i godlag. Han seier si hjartans meining om kva han synest om tabben som har vorte gjort. Ingen av dei som står der vågar å sjå opp. Brått  er han ferdig med preika, men like alvorleg går han  fram og gratulerer han som har gjort tabben, fordi dette var det første dyret han hadde felt.

 Å seie  meining si og verte ferdig med det, var typisk Bjarne.. Det var aldri tvil om kvar ein hadde han. Han var ein mann med mange vener.

Bjarne kom til Bondalen  frå  Nordreisa. Han og Ruth bygde seg hus på Villane, på Ruth sin heimstad i 1977, og det var ikkje lenge før vi visste kven han var. Han møtte alle med ope sinn, og med eit glimt i auget, og fann straks tonen med dei fleste.  

Hans store lidenskap var friluftsliv, fiske, jakt og fangst. Han var ein skikkeleg naturnytar, og dette brukte han mykje av fritida si til. Det var likevel hundemannen Bjarne som vart mest kjend i distriktet  På sporet etter skadde dyr var han og hunden dei beste. Det viser også den store premiesamlinga han har vunne på sportevlingar gjennom mange år. 

Det er mange  jegerar som har fått røynt kondisen sin i hælane på han Bjarne og hunden i søk etter skadde dyr. Dei fleste måtte gi tapt om søket gjekk langt. I tillegg hadde han ein uvanleg sans til å orientere, og kjenne seg att i terrenget. Det var ikkje rart at med ein god hund var han uslåeleg på sporet. 

For akkurat eit år sidan fekk han vite at han var alvorleg sjuk. Prognosane viste seg nokså fort å vere dårlege. Men det var mange som håpa i lag med han. Og det var mange som var innom eller på andre måtar viste at dei brydde seg om han. Dette sette han stor pris på, og gav uttrykk for det.  

8. juni døydde han heime på Villane, slik han sjølv ynskte det. Han vart 54 år gammal. 

13. juni vart han gravlagd frå ei nesten fullsett Hjørundfjord kyrkje. Det vart ei fin stund, med mange helsingar og blomar frå familie og vener. Eg har knapt høyrdt nokon fått  ein slik attest som den han Bjarne fekk frå Elling Dybdal i Tussa kraft, der han Bjarne var tilsett. Var det eit oppdrag som dei ville ha  fort og skikkeleg gjort, så sende dei han Bjarne. Det vart også slikt godt humør der Bjarne var, sa han mellom anna. 

Tankane våre går til Ruth og dei næraste heime på Villane. Vi tenkjer også  på mora hans, som var med på å gravlegge den femte av dei 8 borna sine.

                                                K.R.Bjarne Pedersen