Frå Grøtdalstinden

Kjetil Leknes i Slogen Alpint er ein av dei som satsar på "Frå tind til tare". Her med ei gruppa han tok med til Grøtdalstinden i vår.

Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane har siste åra utvikla seg til  å verte ein av dei store favorittane for ekstremskiutøvarar, viss ein kan kalle det for det. Det er meir gode skiløparar som likar utfordringar i fjellheimen, og der konseptet frå tind til tare er sentralt. Det er mest berre Sunnmørsalpane og Lyngsalpane som kan tilby dette konseptet.

No har altså åtte engelskmenn meldt at dei kjem. Tidspunktet er ikkje klart, men det er ynsket: Dei ynskjer å bu om bord i ein båt, og båten skal liggje i hotellhamna på Sæbø. Dei vil også ha båten til å reise rundt til dei forskjellige turrutene. Det er snakk om ei vekes opphald, og det er båtkyndige folk.

hjørundfjord.no er bedne om å formidle ynsket, og vi etterlyser nokon som kan tenkje seg å leige ut båt til føremlet. Det må vere seks til åtte liggjeplassar om bord. Alternativt kan dei leige to båtar. Det hadde jo vore fint om nokon i fjorden såg seg syn med å leige ut ein båt til føremålet, slik at også dette kan verte ei inntektskjelde for dei som bur i fjorden.

Alt tyder nemleg på at frå tind til tare-konseptet er veksande. Utøvarane vert flinkare, og ikkje minst vert utstyret betre.

Dei som har båt dei kan tenkje seg åleige ut, kan ta kontakt med Helge Nordang.