Før det var lyst i dag, vart nokre personar observerte på veg opp Korsafonna. Dei bar på eit eller anna, sa hjortejegeren, som sat på post i nærleiken.

I skyminga i kveld, då eg var i fjøsen kunne eg sjå at dei kom gåande ned att. Og i kikkerten kunne eg sjå at nokre av dei bar på ski.

Slik galskap har eg sansen for, så eg tok med fotoapparat og heiv meg i traktoren, og køyrde opp på bakkane.

Der fekk eg vite at dei hadde vore på Dalegubben på ski. Lite snø og mykje stein som venteleg var. På spørsmål om dei brukte gamle ski. Så svara dei at nei, dessverre var det nye ski dei hadde brukt. Men dei såg kanskje gamle ut etter turen?

Dei var studentar i Volda, kunne dei fortelje. Og det var berre gutane som hadde ski. Jentene kom først til topps, og var dei første ned att. Så det lønte seg nok best å bruke beina.

Namnet på friskingane var: Kari Hesselberg, Ingeborg Skogen, Benjamin Hjort, Magnus Utsogn og Embrik Rudningen.