Møte i styringsgruppa tysdag den 19.9.06.
Desse møtte: Rune Sæbønes, Per Atle Røe, Kjell Otto Holen, Irene Osvoll, Linda Stokke, Randi Nordang, Bjarne Rekkedal, Eldrid Øye, Ivar Svein Mo og Knut Hustad.
I tillegg møtte Hilde Muren og Lars Johan Sæbønes frå Sæbøgruppa og Kåre Gjengedal frå AG Plan og Arkitektur A/S.
Sak 36/06 – Gjennomgang av Sæbøgruppa sitt arbeid til no om Sæbø sentrum. Det vart vedteke at firmaet AG Plan og Arkitektur A/S – i første omgang – får i oppdrag å lage skisse over det ein tenkjer seg skal gjerast i Sæbø sentrum. Styringsgruppa skal hjelpe til å fotografere bygningar osb. i sentrum.
Kåre Gjengedal forlet møtet.
Sak 37/06 – Prosjektering av grovavfallsplass i Bondalen. Styringsgruppa vil vere med på å prøve å finne eit eigna areal til ein slik grovavfallsplass.
Hile Muren og Lars Johan Sæbønes forlet møtet.
Sak 38/06 – Gjennomgang av saker frå siste møte. I denne samanheng vart det også opplyst at Eivind Ryste hos Møre og Romsdal fylke er den nye kontaktpersonen vår hos Fylkesmannen/fylket.
Sak 39/06 – Det er kjøpt videokanon og framsyningslerret på Bondalen grendahus til ein samla pris av kr. 25.000,-. Det vart vedteke av styringsgruppa at ein skal støtte dette kjøpet med kr. 6.000,-.
Sak 40/06 – Hjørundfjord bygdemobilisering er invitert til ei bygdemobiliseringssamling i Ålesund den 29. – 30.9.06. Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes møter. Fylket betaler, men reisekostnadane vert dekt av styringsgruppa.
Sak 41/06. Gudmund Årseth har no takka nei til å lage den nye turistbrosjyra for Hjørundfjorden. Bjarne Rekkedal vil prøve å finne ein ny person som kan ta over dette oppdraget.
Sak 42/06. Hjørundfjord sokneråd søkjer om kr. 5.000,- i støtte til det arbeidet som er utført på kyrkjegardsgjerde og reiskapshus på kyrkjegarden.
Vedtak: Styringsgruppa kan ikkje sjå at det er Hjørundfjord bygdemobilisering si oppgåve å gje gåver til prosjekt som dette. Svaret er nei til søknaden om økonomisk støtte til Hjørundfjord sokneråd.
Sak 43/06 – Framtidskveld på Bondalen grendahus den 28.9.06 – som no er under planlegging. Orientering v/Rune Sæbønes.
Vedtak: Møtet vert halde som planlagt og ein søkjer Ørsta kommune om støtte til skyss på fjorden.
Sak 44/06 – Ymse/breiband og t-skjorte.
Vedtak: Knut Hustad får løyve til å snakke med eit firma i Volda om utarbeiding av logo til hjorundfjord.no.
Breiband. Styringsgruppa vil no engasjere seg for å få til breiband rundt heile Hjørundfjorden. Brev vert sendt m.a. til Tussa Kraft v/styeleiar.
Møtet slutt klokka 2330.
Knut Hustad
skrivar
Kommentarar