Dette var kampen Sæbø ikkje kunne tape. Helst måtte laget vinne, men også uavgjort kunne ha gjeve eit håp om kvalifiseringsplass for opprykk til sjette divisjon.

Sæbø kom godt i gang, og tok leiinga etter åtte minutt. Kai Skår kasta langt, Terje Stokke stussa ballen vidare, og Lars Urke sette han i mål.

Utover i første omgang var Sæbø flinke til å presse Bergsøy til å gjere feil, og det vart ofte overgangsmulegheiter, men det vart ein og ein spelar som kontra, og ikkje laget samla. Dermed vart det ikkje så mang målsjansar det burde ha vore Likevel hadde både Marius Riise, Jomar Leknes og Lars Urke mulegheiter.

Bergsøy utlikna på si einaste muleghit i første omgang ti minutt før pause. Sæbø fekk ikkje klarert, og det opstod ein situasjon der ballen med itt vart liggjande fri ein mter frå mål, og Bergsøy let ikkje sjansen gå frå seg.

I andre omgang spelte Sæbø betre fotball, og dei første ti minutta var ein einaste kanonande. Marius Riise og Tomme Riise Olsen hadde svært store mulegheiter. Ballen vart skoten i stonga og like utanfor på det som kan kallast ope mål.

I ein midtperiode var det litt mindre som skjedde framfor Bergsøy-målet, før Sæbø kom mot slutten av kampen igjen. Det vart skapt sjansar heile tida. Terje Stokke nikka like utanfor. Detr same gjorde Sverre Børg Hjorthaug. Det kom innlegg spelarar berre var ei tå i frå å nå, og det vart prøvd med skot.

To minutt på overtid fekk Bergsøy til ei kontring, og det vart skåring. Bergsøy skåra på to av sine tre sjansar i kampen, og det fortel at effektivitet er viktig. Sæbø sitt håp om opprykk er borte. Opprykkskampen står no mellom Åmdal, Åheim/ÅVK2 og Bergsøy2.

 

6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Åmdal1594238 - 2231
2.Bergsøy 21693449 - 2530
3.Åheim/ÅVK 21592453 - 4029
4.Sæbø1691649 - 3128
5.Tjørvåg1682645 - 3726
6.Flø1662834 - 4620
7.Moldtustranda1535727 - 3314
8.Kvamsøy15321029 - 5011
9.Gjerdsvika16231120 - 609