21140536

På bildet bak f.v. Trenar Narve Skurtveit, Tiril Holen, Ida-Line Åmås,Rebekka Stokke, Marita Aklestad, Elisabeth Melle og Karoline Stokke.

Framme f.v. Sara Årseth, Torill Haugen Øye, Jenny Karin Valset og Liv Grete  Stokke

 

Sæbø-jentene spelte laurdag to handballkampar. Første kampen var mot Volda iVoldahallen.

Kampen starta veldig bra med 4-0 leiing til Sæbø etter tre min., før Volda scora. Volda tok innpå og det vart uavgjort før Sæbø igjen rykte frå. Dette gjentok seg tre gonger før Sæbø rykte frå for godt.

På det meste leia Sæbøjentene med åtte mål (15-23) og alle utespelarane plasserte seg på scoringslista.

Trenar Anette Follestad leia jentene flott gjennom kampen og sluttresultatet vart 23-27 og siger til Sæbø. Flott jenter!

Jentene har alltid tidlegare hatt stor respekt for Voldajentene og har difor aldri fått vise kva dei kan. Dette var nok heller ikkje den beste kampen dei har spelt, men det heldt til seier og respekta var borte!

Neste kamp var i Ørstahallen mot Herd, same laget som dei tapte mot på Tussecup i Ålesund.

>Jentene var tende på å vise byjentene at vi kan det på Sæbø med!

Trenar Narve Skurtveit leia Sæbø-jentene som var hakket bedre enn Herd.

Heile laget kjempa godt og sluttresultatet vart 16-14 og ny siger til Sæbø.

Ein vellukka laurdag!

 

Mari-Anne Bjørdal