rekkedalbilde

Frå prisutdelinga der Margrethe og Bjarne Rekkedal får prisen på 50.000 kroner.

Som brukarane av hjorundfjord.no sikkert allereie veit, er det  Margrethe og Bjarne Rekkedal som eig og driv Rekkedal Gjestehus.  Dei har no vunne denne prisen for Møre og Romsdal, men dei går no vidare til ein "landsfinale" og kan no såleis vinne denne BU-prisen for heile landet.  Det er Landbruksdepartementet som oppretta prisen og den er meint å skulle vere ein motivasjonsfaktor for dei som vil etablere bedrifter.

Moment som det vert lagt vekt på når Innovasjon Norge deler ut prisen, er m.a.:

- God økonomisk utvikling.

- Utnytting av lokale råvarer.

- Sysselsetjing - det vert lagt spesielt vekt på kvinnelege arbeidsplassar og      arbeidsplassar for ungdom. 

- Utnytting av eksisterande bygningsmasse.

Det vert også gjort ei miljøvurdering.

No vart nyleg styringsgruppa for Hjørundfjord bygdeutvikling invitert til eit arrangement på Rekkedal Gjestehus.  For oss - og sikkert andre gjestar - er det  ikkje overraskande at Margrethe og Bjarne Rekkedal fekk denne prisen.  Dei skaper kort og godt trivsel og hygge rundt seg.

hjorundfjord.no gratulerer dei to med prisen.