24. oktober 016

Norangsfjorden er framfleis vakker, sjølv om det er 24. oktober(SN-dagen)

Fotografiet over er teke på nedturen frå Slogen.  Men rett skal vere rett - eg var ikkje heilt opp.  Ca. 20 høgdemeter frå toppen snudde eg, midt oppe i "klumpen" som utgjer toppen(Sjå foto).  Fjellskorne eg brukte er etter måten krafige med nokså stiv sole.  Desse skorne i kombinasjon med eit par cm snø på glatt fjell, vart i glattaste laget.  Eg må vel framleis reknast som barnefar...

Men svigerson Fred Ingar Somby - sjå kommentar - var heilt opp.  Han tok ei ferje før meg, men uansett hadde eg nok ikkje sett noko av han.  Knappe ein time og 40 minutt brukte han opp.  Ein time og 5 minutt ned.  Då går det fort.

Likevel er rekorden opp på Slogen frå parkeringsplassen 1 time, 2 minutt og 45 sekund.  Det er Oddvar Schmidt som har denne rekorden.  Dette er ei utruleg sterk tid og må vel konkurrere med ca. 50 minutt rett opp på Saudehornet i Ørsta?  Broren Paul sin rekort opp er på 1 time og 20 minutt.  Han har sprunge ned på 40 minutt.  Han vil ikkje rå nokon til å prøve å springe raskare ned.  Knea likar ikkje slikt.

I høgda var vinteren komen, sjå foto under, men ferkse hjortespor - sikkert bukk -oppe på Slogerøra, ca. 1200 m, overraska meg.  Då var det mindre overraskande at eg/vi møtte ryper på same staden  med ein gneldrande stegg som sjef.

24. oktober 01024. oktober 018

På foto til venstre er eg ikkje langt frå toppen, men eg har snudd meg nedover. Sjå kontrastane mellom toppområdet av Slogen og foto(t.h.) frå Leknesstranda.

Etter det eg må forstå, må lauva på trea mange stadar halde seg utruleg lenge. På vegen til Lekneset oppdaga eg også ein blomstranda Lupin.  Stolbergneset såg ut som det kan gjere i September.  Men i skodda rundt toppen av Slogen, snøa det...

24. oktober 02124. oktober 02324. oktober 020

Ser ein godt etter, kan ein sjå ein blå lupin på foto til venstre.  I Midten Stålbergneset og heilt til høgre Slogen med skyer/skodde på toppen.

24. oktober 022

Men på Lekneset er trasten framleis ikkje ferdig.  Eller har han sett rognebæra att til Mikkel rev?