Vi ser at det er eit gjerde framfor dette dyret, men fotoet er ikkje teke i ein dyrepark eller liknande. Meir kan eg ikkje seie dersom det ikkje skal bli for lett.
Men Roy- Magne; no må vi få løysinga på falkegåta. Vi vil gjerne ha stad, årstid m.m.
Lama og Alpakka (11.10.2006 kl. 23:42)
Eg må seie at vart i alvorleg stuss når du la ut denne quizen i går, så eg måtte til å sjekke opp dei fire kameldyra som er i Sør-Amerika. Då lærte vi i dag også :)
Roy-Magne Mo
Det er lov og ta feil:) (11.10.2006 kl. 23:12)
Men eg begynte og tvile sjøl når du ikkje sa at det var rett, men etterkvart var det ingen tvil når reportasjene dukka opp. Har sett dei sjølv dissa alpakkane, men trudde det var lama eg også. Synst sånne quizer er veldig spennande, ein blir litt engasjert i og leite...hvertfall eg!Dyr er spennande og lære om!
Hadde vore arti og fått ei reportasje frå Honndalen og alpakkane her på portalen:)
Vart ganske fasinert av dissa dyra, snart bytta vel alle ut sauene sine med lamaer her i bygda;)
Synnøve Mo
Nesten flause (11.10.2006 kl. 22:53)
Eg må berre vedgå det - eg trudde eg hadde fotografert ein lama. Heldigvis gjekk eg ikkje ut med det som eg trudde var svaret med ein gong. Takk, no har eg lært litt i dag også.
Knut Hustad
Alpakka (11.10.2006 kl. 20:06)
Takk, Synnøve L!
Eg hadde nok ei aning, og vel så det...,men det er greitt for ein "gamal pedagog" å få repetere litt.
Stompa og lektor Tørrdal, med fleire, var eit høyrespel vi sat klistra til radion for å oppleve. Kvar laurdag kl. 18.00.
Før TV`n si tid, og då PC var kun eit par bokstavar i alfabetet.
Lektor Tørrdal sitt favorittuttrykk var då: "Du store Alpakka!" Når han vart overraska eller undra seg.
Dette var eit lite apropos til dyre-quizen "Alpakka."
Ein liten ringverknad...? Dette i verbal form.
Meir praktiske ringverknadar for Hjørundfjorden
vil ei oppfylling av hovudintensjonane i Mobilisering for Hjørundfjorden gje.
"Aktivitet og tiltak som gjev trivnad og bulyst."
Helge Strand
versego Helge! (11.10.2006 kl. 18:27)
http://www.nysgjerrigper.no/Artikler/1046717477.43
Denne kan du lese; så finn du kanskje ut ka "Du store alpakka" betyr:)
Ellers er dette ei kjempefin side om Alpakkane inni Honndalen:
http://www.alpakkanorge.no/
Sjå på bilda av dei!
Synst det er rart visst ingen fell for dei her i Bondalen og vert intressert og starte med dette!
Synnøve Mo
versego Helge! (11.10.2006 kl. 18:19)
http://www.nysgjerrigper.no/Artikler/1046717477.43
Denne kan du lese; så finn du kanskje ut ka "Du store alpakka" betyr:)
Ellers er dette ei kjempefin side om Alpakkane inni Honndalen:
http://www.alpakkanorge.no/
Sjå på bilda av dei!
Synst det er rart visst ingen fell for dei her i Bondalen og vert intressert og starte med dette!
Synnøve Mo
alpakka (11.10.2006 kl. 17:54)
Eg kan ikkje dy meg.... Dyret er ein alpakka, er det slege fast.
Kan den yngre garde forklare uttrykket: "Du store alpakka!"
Helge Strand
Er det med han? (11.10.2006 kl. 16:42)
Er det med han du har fotografert "alpakkaen"?
sjå link: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/3827608.html
Synnøve Mo
tipper at.. (11.10.2006 kl. 16:35)
...du fann dette dyret inni honndalen...og då er det vel kanskje en lama då...
Synnøve Mo
Ikkje på Årset (11.10.2006 kl. 15:42)
Nei, dette dyret er ikkje på Årset. Eg fotograferte det på veg til Strynemessa på sist søndag...
Knut Hustad
Du store alpakka! (11.10.2006 kl. 12:42)
Er dette dyret på Årseth?
Unn Frøland
Hmm (11.10.2006 kl. 12:27)
Sit og leita litt på nettet, første augekast trudde eg det var en lama. Men så begynte eg og tvile, for lamaen har ørene rett opp, men forskjellige dyr legge no ørene ned ava til. Men så har eg sett på alpakkaen og den ligner meir, men dette dyret har veldig kort pels og alpakkaen har mykje pels. Men det kan hende at denne har vore til "frisøren" og klipt seg:) Så eg trur det er en alpakka!
Synnøve Mo
Du er ung. (11.10.2006 kl. 12:08)
Her er det ingen tvil - du Synnøve, er ung. Og berre så det er sagt; her trur eg at ingen friar har vore over gjerdet.
Knut Hustad
kven er dei yngste? (11.10.2006 kl. 10:11)
Kor går skille mellom dei eldre og yngste her??hehe
Synnøve Mo
Dette var var ein ein merkeleg kalv (11.10.2006 kl. 08:34)
På Kvistad kan kyrne få kalvar som utviklar store horn og langt hår etter der har vore friarar over gjerde.Er det noko liknande som har skjedd på Årsethaugen?
Ivar Svein Mo
Fasiten er på plass på fuglequize (10.10.2006 kl. 23:27)
Då har eg oppdatert artikkelen på fuglequizen
Roy-Magne Mo