Annankvar torsdag besøkjer barnehagebarn aldersheimen der dei tilsette har førebudd felles aktivitetar for små og store. Det kan vere spel som lotto eller kanskje ha bind for augene og ta opp ting frå ei kasse. Somme tider syng vi saman, og somme tider syng barnehagen for dei eldre. Det blir satt stor pris på at barna lærer seg folkesongar som held på å bli gløymde.

HMAtrim3

Nokre gongar har vi trim i lag – for mange er det eit lite høgdepunkt uavhengig av alder. Vi strekker oss og bøyer oss, latar som vi rører i grautgryta og kostar støv høgt opp i krærne. Vi spelar med ball – ein supersterk og mjuk ballong som flyt gjennom lufta. Ofte har vi samarbeidsoppgåver som trener koordinasjon i tillegg.

trim1trim2

På den nasjonale barnehagedagen i mars inviterte vi gjestar aldersheimen til barnehagen. Dei fekk vere med på bursdagsfeiring og Ragnar Standal takka med å fortelje og syngje om huldra.

besøk1besøk2

Som seg hør og bør blir det alltid noko godt å ete når vi besøkjer kvarandre. Sist vart det laga svele, og dei yngste åt så dei nesten sprakk.

Sæbø barnehage takkar pensjonærar og tilsette på aldersheimen for godt samarbeid, og håper vi kan halde på vidare.