Det er Jan Rune Frøland som er eigar av Berner Sennen hunden NUCH Tiviniros heading for happines.  Til dagleg heiter han Odin.  Jan Rune seier sjølv til hjorundfjord,no at dersom han skulle rope det heile og fulle offisielle namnet til han, ja, då hadde det nok ikkje gått lang tid før dr. Hame hadde kome på besøk...

odin2

Vel to år gamle Odin har allereie blitt champion.

Det var no i helga på ei stor hundeutstilling på Kongsvinger der 3500 hundar deltok at Odin vart champion.  Der var 59 hundar frå Berner Sennen rasen.  Halvparten av desse var hanhundar og av desse igjen vart Odin nest best.

Det vert stilt store krav for å verte champion.  Ein må ha minst tre sertifikat og eitt av desse må vere stort sertifikat frå Norsk Kennel Klubb(NKK).   Det var dette store sertifikatet Odin fekk no i helga - på fyrste forsøk.  NKK har berre 12 utsillingar i året og berre ein hannhund frå kvar rase får dette sertifikatet på kvar utstilling.  Dermed er det berre t.d. 12 Berner Sennen hannhundar som får det store sertifikatet kvart år. I praksis vert det likevel færre, for ein hund kan få fleire slike sertifikat gjennom året.

odin3

Odin er ein stor kar - sjølv samanlikna med kyr.

Diverre har Odin hofteleddsdyspelasi(HD).  Dermed kan han ikkje setjast inn i avlen.  Svært mange ekspertar tvilar likevel på at diagnosen er rett.  Difor skal Odin snart på ny røntgenundersøkjing.  Viser det seg at Odin ikkje har HD, ja, då vil det ha mykje å seie økonomisk for Jan Rune Frøland.  Mange står nemleg i kø, både frå USA, Italia og Sverige.  Dei vil  ha sine Berner Sennen tisper para med NUCH Tiviniros heading for happines. 

Men same kva; i november skal Odin på ny utstilling i Vikingskipet på Hamar.  Beste Berner Sennenhanne der vert Nordisk vinnar. hjorundfjord.no gratuelerer i alle høve med resultatet no i helga.

CHTuvaOGodin

hjorundfjord.no viser her biletet frå mønstringa på Kongsvinger. Odin til høgre, og det er Linn Wangen Mork frå Volda som presenterer han på bildet.